Hopp til innhold

Prest kasta ut frå homo-gudsteneste

Demonstrerte mot homofile under gudsteneste. – Me kjem ikkje til å akseptera å verta behandla dårleg lenger, sa presten som leia gudstenesta.

Prest måtte berast ut av Johanneskirken

KASTA UT: To personar tok tak i Per Kørner og førte han ut av Johanneskirken.

Foto: Lubava Malisheva

Per Kørner protesterer under homogudsteneste

PROTEST: Per Kørner går opp kirkegolvet under den første salmen i gudstenesta.

Foto: Lubava Malisheva

– Bibelen kallar det ein styggedom. Då må eg seia ifrå, seier Per Kørner om protesten han framførte i Johanneskirken i Bergen sundag kveld. Med prestekjole, gul vest og bibelen i handa, gjekk Kørner demonstrativt fram til alteret der han sette seg på kne.

Det var under ei gudsteneste spesielt retta mot homofile, lesbiske og transpersonar opptrinnet skjedde. Gudstenesta er ein del av Regnbuedagene i Bergen, som har som mål å synleggjera dei seksuelle minoritetane og personar med ulike kjønnsuttrykk.

  • Se video av hendelsen på Youtube

– Aksepterer ikkje å verta behandla dårleg

Prest Anna Hovda, som leia gudstenesta, bad klart og tydeleg Kørner om å gå frå kyrkja.

– Kyrkja vår er stor nok til å romma alle, men eg ber om at alle viser respekt og ikkje øydelegg gudstenesta. Me kjem ikkje til å akseptera å verta behandla dårleg lenger, rett og slett, sa prest Anna Hovda som leia gudstenesta i Johanneskirken, med klar adresse til homofile sin lange kamp for aksept.

Vart sint og redd

Torill Frøise var ei av dei som var til stades i Johanneskirken sundag kveld. Ho seier ho skvatt då ho oppdaga protesten.

– Eg sat ganske langt framme i kyrkja, eg såg det kom ein mann som gjekk innbiten opp mot alterringen. Det var ein tydeleg protest på at me arrangerte ei gudsteneste for lesbiske og homofile, seier Frøise.

Frøise som er kristen homoaktivist og nestleiar i partiet Raudt i Hordaland vart overraska over opptrinnet.

– Eg vart sint og litt redd for at det finst slike i samfunnet. Eg fekk ein klump i halsen, for dette hadde eg ikkje forventa, seier Frøise.

– Styggedom

Per Kørner i Domkirken i Bergen

ABORTPROTEST: Då Halvor Norhaug vart vigsla til biskop gjorde Kørner eit liknande opptrinn. Den gongen demonstrerte han mot abort.

Foto: Hommedal .Marit / SCANPIX

Henning Warloe

– TRIST: Stortingsrepresentant Henning Warloe reagerer på demonstrasjonen.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Det er ikkje første gong Kørner, som ikkje jobbar som prest i Den norske kyrkja, bryt inn i ei gudsteneste for å få fram meininga si. Under vigsla av Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug tok han seg heilt fram til alteret, også den gongen iført prestekjole og ein refleksvest.

Kørner hadde planlagt opptrinnet i Johanneskirken i lang tid.

– Eg må seia ifrå når Guds hus vert brukt til ein styggedom.

Kva er det du ser på som styggedom?

– Å leva saman mann og mann, kvinne og kvinne, det kallar bibelen ein styggedom, seier Kørner.

Saman med Børre Knudsen, Ludvig Nessa, og Ragnar Andersen var Kørner med på å danna prestenettverket som kalla seg for Strandebarm prosti.

LES ÒG: Måtte berast ut av Lofotkatedralen .

Han er frådømt embetet som sokneprest i Den norske kyrkja.

– Trist

På Twitter og andre sosiale medium er det mange som reagerer på måten Kørner oppførte seg på.

– Trist at me skal oppleve dette i 2013. Trist, skriv stortingsrepresentant Henning Warloe frå Høgre i ei twittermelding.