Hopp til innhold

Kvinne (37) innrømmer over ti brannar på få veker

Ei 37 år gamal kvinne er sikta for ei rekke brannar i Loddefjord dei siste månadane. Kvinna innrømmer å ha tent på.

Ein av fleire påtente brannar i Loddefjord

SETTE FYR PÅ PAPIR: Papir på oppslagstavler i oppgangen, ei barnevogn, bossdunkar og reklame er blant brannane kvnina har innrømt.

Foto: NRK

– Vi har sikta ei 37 år gamal kvinne som bur i Loddefjord. Nøyaktig kor mange brannar ho står bak, har vi ikkje full oversikt over, men det er snakk om minst 10 til 15, seier politiinspektør Tore Salvesen.

Tore Salvesen

LETTA POLITIINSPEKTØR: Vi er veldig glade for at folk endeleg kan kjenna seg trygge i Loddefjord, seier Tore Salvesen.

Foto: NRK

NRK.no har tidlegare skrive om at ein brannstiftar har skapt frykt i bydelen, etter minst 20 brannar så langt i år.

Har vore mistenkt lenge

– Det har føregått ei massiv etterforsking, og den sikta kvinna har vore inne hos oss fleire gonger.

– Har ho sagt noko om kvifor ho har vald å tilstå?

– Ho har nok kjent presset ganske sterkt om å tilstå ganske sterkt etter gjentatte rundar med avhøyr hos oss, seier han.

– Vi har som sagt samla ei rekkje opplysingar om dette, og kvinna har blant anna visst om ting om somme av brannane som berre ein eldspåsetjar kan ha visst.

– Folk kan kjenna seg trygge no

Brannstiftar tatt i Loddefjord

LODDEFJORD: I desse blokkene i bydelen har det vore over ti brannar dei siste vekene. No er brannstiftaren altså tatt.

Foto: NRK

– Det vi er mest glade for, er at folk i Loddefjordvegen no kan kjenna seg trygge att.

Det seier Salvesen, som dei siste månadane har hatt kontakt med fleire skremte bebuarar.

– Vi er rett og slett glade for å fortelja at denne personen, som har skapt redsle i nabolaget, no er tatt.

Vil ikkje ut med motivet

Ifølgje Salvesen er det snakk om ein omfattande og alvorleg siktelse.

Kvinna skal ha tent på fleire oppslagstavler, bunkar med reklame, ei barnevogn, ein husvegg, barnevernstenesta i Loddefjord sine lokaler og i tillegg gjort skadeverk på barnevernet sine køyretøy.

Har ho sagt noko om kvifor ho har gjort dette?

Ja, ho har sagt kva som er motivet for brannane, men det er for tidlig for oss å gå ut med.

Så tidlig i etterforskinga veit vi ikkje om det er andre personar vi bør ta inn til avhøyr, seier Salvesen.

Sjå TV-reportasje om bransntiftar i Bergen Vest under.

Beboere i Loddefjord frykter brannstifere som har startet flere branner i det siste.

Frykter brannstiftere i Bergen vest