Hopp til innhold

E16 blir stengt heile veka

Hovudvegen mellom dei to største byane i Norge forblir stengt i mange dagar.

E16 stengt etter ras

FLEIRE RAS: Det har gått fleire ras ved Stanghelletunnelen. Nå blir tunnelen stengt i mange dagar.

Foto: Remi Bøe Presttun

– E16 opnar ikkje måndag. Truleg blir vegen stengt heile neste veke, seier byggjeleiar for europavegen, Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen.

Ras Stanghelletunnelen

STENGT: Her kjem ikkje bilistane forbi før arbeidarane har reinska vekk de farlege steinmassane i fjellsida.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Søndag ettermiddag sat han i møte med geolog og innleigde spesialarbeidarar som har brukt helga på å reinska fjellsida der raset gjekk sist onsdag.

Store mengder stein

E16 har vore stengt sidan eit steinras knuste delar av munningen på Stanghelletunnelen onsdag ettermiddag. Raset gjekk på austsida av tunnelen.

I fire dagar har arbeidarar reinska fjellsida. Når dei har fjerna jord, torv og røter har dei sett at arbeidet er mykje meir omfattande enn dei først trudde.

Gedigne oppsprukne steinblokker med meir enn to meter overheng, og med store holrom bak, trugar med å detta ned på vegen ved Stanghelle.

– Det er ikkje mogleg å bolta desse. Og det er snakk om store mengder, fleire hundre kubikkmeter med stein må ned, seier Aldal.

Slik ser rasområdet på E16 ut fra luften

VIDEO: Se rasstaden frå lufta

Botnfrose og tele

Steinen takast ned ved hjelp av sprenging og trykkluft. I etterkant må ein òg bolte ein del av fjellet.

– Vi har fått ned ein del, men det går veldig seint. Problemet er at det er botnfrose og tele oppe i fjellveggen, fortel vegvesenet sin geolog på staden, Njål Farestveit.

E16 stengt etter ras ved Stanghelletunnelen

KNUSTE TUNNELMUNNINGEN: Store steinmassar falt ned frå fjellsida, og knust blant anna tunnelmunningen.

Foto: Remi Bøe Presttun

Arbeidarane må dessutan ta omsyn til togtidene, då toglinja ligg rett nedafor europavegen.

– Men det blir fint å få dette overhenget ned. Når vi får ordna hotellmunningen er i alle fall denne plassen mye sikrare enn den har ore, seier geologen.

Les også: Bergensbana går som normalt trass sprengingar

– Må ta den tida som trengst

Statens vegvesen veit at dette arbeidet skapar problem for dei som pendlar på europavegen kvar dag, og som må køyre andre vegar.

– Vi har ikkje noko val. Vegen må sikrast skikkeleg, og det må ta den tida det trengst, seier byggjeleiar Aldal.

Det finst fleire omkøyringsvegar når E16 er stengt ved Stanghelle:

  1. Rv 13 og Fv 7, Voss-Granvin-Norheimsund-Trengereid. Høgdegrense: 4,0 m.
  2. Fv 569 og E39, Dalseid (kryss med E16 3 km nord for Dale) -Eidsland-Modalen-Romarheim-Knarvik-Bergen. Dette er eit alternativ for personbilar, ikkje større kjørety. Høgdegrense 3.40 meter og lengdegrense 12,40 meter.
  3. Fv 7 og fv 49, Trengereid-Norheimsund-Tørvikbygd-ferje til Jondal-Jondalstunnelen-Odda. Dette er eit alternativ for dei som køyrer over Haukeli.
  4. Fv 552, Fv 48 og Fv 551. Hatvik-Venjaneset-Eikelandsosen-Gjermundshavn-Årsnes-Odda.

Les også: Uvisst når E16 kan opna att