Hopp til innhold

Fv 48 stengt på grunn av rasfare

Vegen mellom Tysse og Eikelandsosen er stengt ved Sætrevik. Årsak: Fare for ras.

Steinras Fv 48

FUSA: Biletet er frå eit tidlegare ras på strekninga mellom Tysse og Eikelandsosen.

Foto: Frode Fjellstad

Fylkesveg 48 blei torsdag kveld stengt for all trafikk på grunn av rasfare.

Etter ein befaring i morgontimane fredag, melder Vegvesenet at vegen vil halda fram med å vera stengd.

Rasfare i heile fylket

– Det har vore ein lang vinter med kaldt vêr. Når det store vêromslaget har kome, slik vi har sett den sist veka, så kan det saman med snøsmelting få konsekvensar.

Det seier vakthavande hydrolog Thomas Væringstad.

Stor vassføring kombinert med relativt store nedbørsmengder gjer at rasfaren aukar.

– Det er ytre- og midre strøk av fylket som er mest utsett, seier Væringstad.

Betre vêr i helga

Heldigvis for mange ser det ut til at nedbøren minkar i løpet av helga - før det igjen snur. Frå og med søndag er det venta endå meir regn.