Hopp til innhold

Ras stenger E 16: – Folk er redde

– Me er redde for å køyra her. Slik skal det ikkje vera.

Sju ras på to veker pregar bebuarane i Vaksdal. No er vegen mellom Bergen og Voss stengt på ubestemt tid.

Hovudvegen mellom Voss og Bergen er stengt på ubestemt tid etter sju ras på to veker.

Marie Torgersen, Vaksdal

VAKSDAL: Dette ville ikkje skjedd på Austlandet, der ville vegen vorte sikra betre, meiner Marie Torgersen frå Vaksdal.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

– Me kan ikkje ha det slik. Folk er redde.

Det seier Marie Torgersen frå Vaksdal mellom Bergen og Voss, og legg til:

– Og hadde dette vore på austlandet, så hadde me ikkje hatt det slik heller! Då ville området vorte sikra betre for lenge sidan.

No krev ho og resten av bygdefolket at noko vert gjort for å sikra den rasutsette vegstrekninga. I løpet av dei to siste vekene har sju ras gått på E 16, hovudvegen mellom Voss og Bergen.

Usikkert når vegen kan opna

Oversikt av rasstaden ved Stanghelletunnelen.

E 16: Fjellsida over Stanghelle-tunnelen er bratt. Ifølgje geologane kan det gå fleire ras når som helst.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

I ei pressemelding torsdag ettermiddag seier Statens Vegvesen at dei har starta reinsking av området. Det er sendt opp fjellklatrarar saman med geolog for å sjå nærare på fjellsida. Når vegen igjen kan opnast, er det ingen som veit.

LES ÒG: Geolog: - Livsfarlig å kjøre på E 16 | Måtte rygga ein time med 20 meter lang last