Hopp til innhold

Kjempestein fall ned i Jondal

Vegen mellom Bergen og Odda delvis stengd etter stort steinras. – Skredfaren kjem til å auka kraftig i dagane framover, seier meterolog.

Politiet åtvarar mot stein, snø og is på vegane over hele Vestlandet, etter raset på fylkesveg 107 mellom Jondal og Jondalstunnelen i sekstida måndag morgon.

– Sjølvsagt vart eg redd. Dette er fleire steinblokker på mellom 20 og 30 kubikkmeter, seier augevitne Henning Grønhaug til NRK.no.

Han kom til rasstaden omlag 5 kilometer utanfor Jondalstunnelen måndag morgon. Fv 107 er framleis delvis sperra, men ifølgje Statens Vegvesen er geolog no på staden for å vurdera situasjonen.

Farleg snøsmelting i fjellet

– Det har vore ein uvanleg lang kuldeperiode, og når mildvêret no kjem, har isen som tiner og har trengt inn i steinen svært stor sprengkraft. Utover dagen i dag er det ikkje venta meir enn eit par byger, men i dagane fram mot fredag er det venta meir regn. Då kan skredfaren auka veldig, seier vakthavande meterolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Karsten Eitrheim.

– At det er frost omtrent kvar natt til ut i april, er uvanleg. Kreftene når dette tiner og blir til vatn inne i bregsprekkene, er store, legg han til.

Fleire stengde vegar

Dei enorme steinblokkene er ikkje den einaste hindringa på vegane i fylket. Status klokka 10 måndag føremiddag var at det var fire stengde vegar i Hordaland.

  • Rv 7 mellom Brimnes og Eidfjord er stengt på grunn av snøras ved Furlo bru. Det meldte Statens Vegvesen like før klokka 7, berre minuttar etter at det kom melding om at vegen var open etter eit tidlegare ras.
  • Brattlandsdalen på Rv 13 mellom Røldal og Nesflaten er vegen stengd på grunn av ras. Her vert ikkje vegen vurdert opna før tidlegast tysdag morgon.
  • Også Rv 13 over Vikafjellet er no stengt, etter ei rekkje snøras i løpet av morgonen. Det første raset vart meldt inn til Statens Vegvesen like før klokka 06.00, og vart rydda omlag ein halvtime seinare. Deretter har det gått fleire nye ras, og klokka 08.00 blei vegen igjen stengd.

Ikkje overraska over ras i Jondal

Det har gått ei rekkje isras på akkurat denne staden no i vinter, og den same rundkøyringa har vore stengt fleire gonger.

Derfor er det ikkje noko overrasking, men det er jo like skremmande, seier Henning Grønhaug om det dei massive steinblokkene.

Mildvêr og sterk vind gjorde at det fleire stader i fylket også søndag kveld vart meldt om problem på vegane. På grunn av vêromslag var det varsla stor rasfare i fylket før helga . I bergen sentrum blei ei gate stengt søndag på grunn av nedbør og kraftig vind.