Hopp til innhold

Her får dei ny bru

Sotrasambandet ligg inne i Nasjonal transportplan (NTP), og ny firefeltsbru kan stå klar i 2021.

Sotrasmbandet inne i Nasjonal transportplan

FERDIG I 2021: Det nye Sotrasambandet kan stå ferdig i 2021. Sikre kjelder i regjeringsapparatet seier sambandet er inne i den første fireårsperioden i Nasjonal transportplan.

Foto: NRK

Det skriv Bergens Tidende i dag.

Sikre kjelder i regjeringsapparet har ifølgje BT fortalt at det kjem oppstartsmidlar til vegprosjektet innan 2018.

Med byggestart i 2017 kan ny firefeltsbru stå klar rundt 2021.

– Vi får nok smøra oss med tolmod i eit par dagar til før vi kan sei kva som kjem og ikkje kjem i transportplanen. No er det få timar att, og vi tel ned til vi kan presentera fasiten. Eg gler meg til ein stor dag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til BT.

Høgste prioritet

Til no har sambandet lagt langt fram i tid i dei nasjonale transportplanane, men skal no vera inne i første periode som strekk seg frå 2014 til 2024.

Dagens Sotrabru sto ferdig i 1972, og 26.000 bilar passerer i døgnet. Kapasiteten er snart sprengt, og lange køar pregar kvardagen.

Sotrasambandet skal ha hatt den høgste prioriteten i Samferdselsdepartementet, og blir sett på som eit av dei viktigaste prosjekta i bergensregionen.

Prisen er anslått til å vera nærmare 6 milliardar kroner, og skal delvis finansierast med bompengar.

Politisk rådgjevar Laila Melkevoll i Samferdselsdepartementet, vil ikkje seie noko om saka.