Hopp til innhold

– Abortpress trugar ordninga med sjølvbestemt abort

Raudgrøn stortingsrepresentant reagerer på at kvinner opplevde abortpress i møte med helsevesenet. – Det skal ikkje vera slik, meiner Regjeringa.

Reagerer på abortpress

REAGERER: Kjersti Toppe (Sp) reagerer på at tre kvinner opplevde at dei vart pressa til å ta abort. Nestleiaren i helsekomiteen på Stortinget meiner det må ryddast opp.

Foto: Privat / Sindre Øye Helgheim

Anna Solberg og vesle Ole

MØTTE HOVUDRISTING: Anna Solberg valde å behalda barnet i magen. Då ho var gravid med Ole opplevde ho at legane ikkje respekterte valet om å bera fram barnet.

Foto: Fotograf Marion Haslien / Privat

– Desse historiene viser at enkelte opplever abortpress. Det meiner eg er eit trugsmål mot ordninga med sjølvbestemt abort. Her må helsevesenet gå i seg sjølv, seier Kjersti Toppe som sitt på Stortinget for Senterpartiet.

Nestleiaren i Helse- og omsorgskomiteen er uroa over historiene til Anna Solberg, Siri Fuglem Berg og Åsta Årøen. Dei tre kvinnene fortel at dei opplevde at dei ikkje vart respektert for avgjera om å ikkje ta abort.

– Haldningsproblem i helsevesenet

To av kvinnene fortel at dei vart bede om å gjera om på avgjerda av helsepersonell.

Legane NRK.no har snakka med trur historiene dreier seg om kommunikasjonsutfordringar, og ikkje om haldningar i helsevesenet. Det meiner Toppe, som sjølv er utdanna lege, er for enkelt.

– Det handlar nok litt om kommunikasjon. Men først og fremst haldningar, seier senterpartipolitikaren.

– Me har vorte mindre rause

Stortingsrepresentanten frå Bergen meiner det er snakk om eit haldningsproblem i helsevesenet.

– Eg meiner ein må ta på alvor denne kritikken. Eg trur dette handlar om at me har eit samfunn der ein har vorte mindre rause mot kvinner som vel å bera fram barn som har misdanningar. Det er nok slik at haldningane i samfunnet er spegla i helsevesenet, meiner Toppe.

Kjenner ikkje nokon ukultur

Legane NRK har snakka med kjenner seg ikkje att i at det skal vera ein ukultur blant norske legar. Leiar i Rådet for legeetikk i Den norske legeforeningen Trond Markestad er tydeleg på at legane skal gje informasjon, men ikkje tilrå abort.

Trond Markestad.

KJENNER INGEN UKULTUR: Leiar i Rådet for legeetikk Trond Markestad seier han ikkje kjenner til nokon ukultur blant legane.

Foto: Stein Hægeland / NRK

– Korleis ein skal kommunisera med foreldra er noko ein diskuterer mykje i fagmiljøet. Eg har aldri høyrd anna enn at legar og jordmødre er samde om korleis ein skal gjera dette.

Opplever du at legar greier å skilja mellom eigne haldningar og råda dei gjev til kvinnene?

– Reglane er tydelege på dette, og det vert lagt stor vekt på at ein ikkje skal trekka inn personlege haldningar, seier Markestad.

– Me rår aldri kvinnene til å ta abort, seier overlege Synnøve Lian Johnsen ved Kvinneklinikken på Haukeland Universitetssjukehus. Ho synst det er trist at kvinnene har følt eit press for å ta abort.

– Det skal ikkje vera slik

Også statssekretær Nina Tangnæs Grønvold frå Arbeidarpartiet meiner opplevingane kvinnene fortel om er uakseptable.

Statssekretær Nina Tangnæs Grønvold (Ap)

TANKEVEKKJANDE: Statssekretær Nina Tangnæs Grønvold seier Regjeringa tek historiene frå dei tre kvinnene på alvor.

Foto: Olaf Erlend Gundersen / NRK

– Kvinnene fortel sterke og tankevekkjande historier. Det skal ikkje vera slik at kvinner opplever at dei vert pressa til abort.

Kan eit slikt abortpress vera eit trugsmål mot ordninga med sjølvbestemt abort?

– Kvinner og familiar skal ikkje oppleva abortpress. Abort skal vera sjølvbestemt, seier statssekretæren.

Kjenner ingen ukultur

Statssekretæren seier at Regjeringa ikkje er kjend med at det er nokon ukultur innanfor helsevesenet. Ho meiner heller ikkje at Regjeringa kunne vore tydelegare på at legane skal respektera valet kvinna tar.

– Me kjenner ikkje til nokon systematisk ukultur på dette området, men det desse kvinnene fortel skapar grunn til uro og er tankevekkjande. Me er tydeleg på at alle kvinner og familiar som står ovanfor dette valet skal møta respekt, uansett kva dei vel, seier Tangnæs Grønvold.