Hopp til innhold

Stian (17) tek buss for Bieber

Arrangøren set opp ekspressbussar frå heile landet når tenåringsidolet Justin Bieber gjestar hovudstaden i midten av april. 17 år gamle Stian Erichsen Antonsen set seg på bussen frå Bergen.

Justin Bieber og Stian Erichsen

GLER SEG TIL KONSERT: Stian Erichsen Antonsen tek buss til Oslo for å sjå idolet Justin Bieber for første gong.

Foto: Fredrik Varfjell (NTB Scanpix)/Privat / Montasje

– Det vert tipp topp stemning, seier ein oppglødd 17-åring.

Han er ein ekte "Belieber" og tek bussen til Oslo for å sjå idolet sitt for fyrste gong.

– Eg må høyre songane hans minst ein gong om dagen.

Varmar opp fansen

Stakkars bussjåfør, ler Peer Osmundsvaag i Atomic Soul, som arrangerer konsertane med Bieber i Oslo i april.

– Vi kjem til å ha Bieber-musikk på bussane, og også syna Bieber-film på dei bussane som har moglegheit til det, forklarar han.

– Det vert koseleg, då får vi litt oppvarming, seier Erichsen Antonsen.

Se utdrag fra Justin Biebers konsert ved Operaen onsdag 30. mai.

Sjå utdrag frå konserten til Justin Bieber ved Operaen i fjor sommar.

Få plassar att

16., 17. og 18. april inntek verdsstjerna Telenor Arena.

Arrangøren har sett opp ekspressbussar frå 28 byar i Norge, for å frakta fansen trygt att og fram frå hovudstaden.

Og det er få plassar att på bussane som skal austover frå Bergen.

– Men vi har tenkt å setje opp ei venteliste. Vert det enno fleire, så set vi opp ein ny buss, fortel Osmundsvaag som ikkje rår unge til å reise aleine.

– Vi anbefaler ikkje folk under 16 år å reise aleine på bussen.

Beliebers

FRAKTAR BELIEBERS: Arrangøren set opp ekstrabussar frå 28 byar, slik at fansen trygt kjem seg til hovudstaden for å sjå idolet. Her frå konserten Justin Bieber heldt i sommar.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix