Hopp til innhold

- Leksehjelpa er totalt bortkasta

Kommunane er pålagt å tilby leksehjelp til alle elevar i første til fjerde klasse på barneskulen. – Ordninga er bortkasta og bør fjernast, meiner skulebyråd i Bergen.

Video Leksehjelp

LEKSEHJELP ER IKKJE HJELP: Utdanningsforbundet har spurt sine medlemmer om korleis dei tykkjer ordninga fungerer. 70 prosent svarar den ikkje jamnar ut sosiale forskjellar, slik intensjonen var.

Foto: Nyhetsspiller

Leksehjelp-ordninga vart innført i 2010. Målet var at 1.-4.-klassingar som ikkje får hjelp til leksene heime, skal få det på skulen.

Men skulebyråd Ragnhild Stolt-Nielsen i Bergen kommune, meiner heile ordninga er å kaste pengar ut av vindauget.

– På barnetrinnet er det totalt bortkasta.

Foreslår endring

Ragnhild Stolt-Nielsen

– BORTKASTA: Det meiner skulebyråd Ragnhild Stolt-Nielsen i Bergen kommune om leksehjelp på barnetrinnet.

Foto: Høyre

Ho og Høgre foreslår at ordninga vert flytta frå dei lågare trinna på barneskulen til ungdomsskuletrinnet.

– Fordi på ungdomsskulen kan ein møte faglege utfordringar som foreldre ikkje kan hjelpe til med. Der kan det vere ein fornuftig løysing men på barnetrinnet er det totalt bortkasta.

Og ho får støtte frå lærarane.

Utdanningsforbundet har spurt sine medlemmer om korleis dei tykkjer ordninga fungerer.

Om lag 70 prosent av dei som svara, meiner leksehjelpa ikkje jamnar ut sosiale forskjellar, slik intensjonen med ordninga var.

– Det er vel slik at ein når ikkje den elevgruppa som treng denne hjelpa. Det viser seg at det vert for store grupper, seier leiar John Torsvik i Utdanningsforbundet i Hordaland.

Store grupper

På Landås skule i Bergen sit 26 fjerdeklassingar bøygd over pultane sine.

Klokka er halv to, og skulen er slutt. Ein lærarassistent går mellom pultane og hjelp dei som treng det.

– Vi har veldig mange som har leksehjelp. Mange av dei som går der, kunne nok gjort leksene sine heime, seier rektor Børje Helander ved Landås skule i Bergen.

(Saka held fram under biletet)

Leksehjelp på Landås skule

LANDÅS SKULE: Mange elevar nyttar seg av leksehjelp-ordninga.

Foto: Siri Løken / NRK

Her er det mellom 80 og 90 prosent av elevane i 1.-4.-klasse som vel leksehjelp etter skuletid.

Men med store klassar og ein assistent kan det verta lite hjelp til dei som treng det mest.

– Har mykje for seg

– Vi har store grupper og utfordringa vert på bemanningssida. Vi har ein assistent som skal hjelpe alle desse elevane. Det vert vanskeleg for assistenten, forklarar Helander.

Han seier ordninga har mykje for seg, men at den burde gå til dei som treng den mest.

Børge Helander

– VANSKELEG: – Det er vanskeleg å nå dei svakaste elevane, meiner rektor Børje Helander ved på Landås skule.

Foto: Siri Løken / NRK

– Intensjonen var jo at dette skulle vera sosial utjamnande. Det trur eg ikkje det er. Det er mange elevar som treng hjelp til leksene sine. Men då vert det vanskeleg å nå dei svakaste.

Til evaluering

– Me meiner dette har vore eit viktig tiltak, seier Elisabet Dahle frå SV, som er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Ho avviser at ordninga er bortkasta, slik skulebyråd Stolt-Nielsen meiner.

– Hjelpa treff barn frå minoritetsspråklege heimar, og det treff barn frå heimar der dei har lav utdanning og svak økonomisk bakgrunn.

Dahle seier ordninga er til evaluering, og at tilbakemeldingane frå lærarane skal vurderast nøye.

– Det er tilbakemeldingar som me tek med oss vidare i arbeidet når me skal vurdera leksehjelpsordninga.