Vil heller bu i hytte enn på hotell
VIDEO: Det norske folk sine påskeprefferansar har endra seg. Mange vil no bu omtrent midt i skibakken.
Før var påskedraumen for mange skiturar i kombinasjon med luksusliv på hotell. No har trenden snudd og folk vil heller ha hytter og leilegheiter, og dei vil aller helst bu midt i skibakken.
Publisert 20.03.2013 22:02.
- Skriv ut
I påska strøymde folk tidlegare til hotella på Voss og andre skibygder. No har fleire hotell og pensjonat lagt ned og tradisjonelle hotell som framleis er i drift har merka ein nedgang i påskepågangen.
– Me har mange fleire ledige rom no enn me hadde før. Tidlegare var det ventelister for å komma inn her i påska. Det er diverre ikkje slik i dag, seier sals- og marknadssjef Alette Hjelmeland ved Fleicher`s Hotel på Voss.
– Eg trur hyttekulturen i Noreg står veldig sterkt. Dei kjem gjerne her og et, så me fyller opp på påskeaftan når me har påskesupe. Men elles i påska trur eg folk trivast med menn i stillongs som står og lagar speilegg, ler Hjelmeland.
– Trend med meir «sjølvhushald»
I Myrkdalen nokre kilometer utanfor Voss sentrum er over tre milliardar blitt investert i løpet av dei siste tolv åra. Det er blitt bygd ut sju skiheisar, hytter og eit hotell.

MERKAR TRENDENE: Anne Grethe Bakke og Destinasjon Voss har merka ei tydeleg trend der folk ønskjer å bu i hytter og leilegheiter på fjellet.
NRKFolk vil gjerne bu på hytte og omtrent i midt skibakken. Hotellet i Myrkdalen er heilt fullbooka og har ventelister i påskehelga.
– Det er ein veldig trend mot større grad av «sjølvhushald». Folk vel hytter og leilegheiter, det er ein veldig tydeleg trend i reiselivet. Det gjeld heile året, men særleg i påska. Folk vil bu der dei kan ski-inn og ski-ut, seier Anne Grethe Bakke, dagleg leiar Destinasjon Voss AS.
Ønskjer i større grad opplevingar
Ifølgje NHO Reiseliv er dette ei generell trend i Noreg.
– Folk har fått betre råd dei siste åra og dei har fått realisert hyttedraumane sine. Det å vera i fjellet løyste ein tidlegare ved å booka seg inn på eit hotell, men no har hytter overteke mykje av marknaden, seier Wenche Salthella, bransjesjef i NHO Reiseliv.

– BETRE RÅD: At me har fått så mange hytter er ei følgje av velstandsutviklinga i Noreg, meiner bransjesjef Wenche Salthella i NHO Reiseliv.
NRK– Ein annan del av trendbiletet er at det i dag skal vera mykje meir opplevingar når ein ferierer. Før var det kanskje nok å bu på eit hotell, kosa seg der og kjenna på luksusen på hotellet. No skal ein oppleva mykje meir enn før, og det er ei utfordring for dei som driv i næringa, forklarer Salthella.
Store planar for Voss
På Voss er det mange planar på gang, planar som truleg vil gagna både Myrkdalen og hotella i sentrum.
Styremedlem Even Hegbom i Voss Fjellandsby AS håpar anlegget i Myrkdalen i framtida kan knytast fysisk opp mot Voss sentrum. I Vossvangen er det planar om eit nytt hotell og ei heilt ny gondolbane.
– Forhåpentlegvis vil me då ha smekkfullt hotell igjen. Me gler oss sjølvsagt veldig til det, seier Alette Hjelmeland.
Siste: NRK Hordaland
- Vil heller bu i hytte enn på hotell
- Fleirtal for svensk kinokjøp
- Grasbrann på Osterøy sløkt
- – Det kom som lyn fra klar himmel
- Måtte legge tyvgodset pent tilbake
- Her legger tyvene tyvgodset tilbake
- Hus totalskadd i brann i Norheimsund
- Enebolig totalskadd i Norheimsund
- Trailer krasja inne i tunnel
- Norman kan bli NHH-rektor
Nyhetsarkiv Hordaland
Norman kan bli NHH-rektor - Trua kvinna med «maskinpistol»
- – En myte at barn ikke liker fisk
- Ny grasbrann i Bergen
- Forbyr open eld etter grasbrannar
- – Syke papirløse får ikke hjelp
- 214 tunnelar får ikkje naudnett
- - Falt flere meter ned i lasterom
- To grasbrannar nær bustadhus
- Sveio-ordførar vil ut av Hordaland
- Har hatt vakthald i heile natt
- Veien sperret av steinras
- Halvparten var voldsomme dødsfall
- Ali opplevde drap på asylmottak
- 22 dødsfall på asylmottak i fjor
- – En folkebevegelse i kristennorge
- Stor gressbrann på Austevoll
- Frykter brannstiftere i Loddefjord
- Bergen Kino blir del av ny gigant
- Huseklepp på bedringens vei
- Mistenkjer brannstiftar i Bergen
- Nynorsk-misnøye i Høyre
- Tertnes ute av europacupen
- Boligbrann i Fana
- Front mot front
- Tror på bro om tre år
- Har heva lastebilen frå Sørfjorden
- Vil ha tidlig ultralyd
- Fem tatt for supporterbråk i Bergen
- – Vidunderlig å få en sånn start
- Syk Huseklepp ut i pausen
- – De sa det var veldig alvorlig
- Redningsaksjon utanfor Sotra
- Barnevogn blei sett fyr på
- Gjer vanskeleg uttrykk forståelege








