Fleirtal for svensk kinokjøp i Bergen

BLIR SELD: Konsertpaléet er eit av dei to bygga til Bergen kino. No blir Bergen kino delprivatisert.
Foto: Alexander Vollevik Larsen/NRKNo er det avgjort: Bergen kommune delprivatiserer Bergen Kino.
Publisert 20.03.2013 20:29.
- Skriv ut
Snart tre år etter at byrådet gjekk inn for å selja 49 av aksjane i Bergen Kino, vedtok bystyret onsdag kveld delprivatiseringa. Aksjesalet til svenske SF Kino AS for 88 millionar avsluttar dermed ein årelang kulturdebatt i vestlandshovudstaden.
Sjølv om utfallet har vore klart lenge vart debatten i bystyresalen av det intense slaget.

BEKYMRA: Julie Andersland fryktar at det no skal bli for mykje fokus på profitt.
NRKVenstre og resten av opposisjonen ønskjer å bruka salssummen til å oppretta eit filmfond for å styrka filmmiljøet i Bergen.
– Ikkje la desse pengane forsvinna inn i den vanlege kommunale drifta, sa Andersland.
Heller ikkje dette forslaget frå opposisjonen fekk fleirtal.
Ville utsetja saka
I eit siste forsøk på å stoppa kinosalet gjekk ein samla opposisjon inn for å utsetja saka, etter at det denne veka vart klart at den svenske kinooppkjøparen får nye eigarar.

FREMMA FELLESFORSLAG: Harald Schjelderup la fram eit fellesforslag frå dei sju opposisjonspartia om å ikkje selja.
Foto: Nyhetsspiller– Det vert gitt eit inntrykk av at privatisering er uunngåeleg. Slik er det ikkje, sa Schjelderup.
– Ingen kommunal oppgåve å selja godteri
Posisjonspartia Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg folkeparti delar ikkje skepsisen med opposisjonen.
– Er det ei kommunal oppgåve å selja reklame og godteri, spurde leiar for finanskomiteen Norvald Visnes frå Høgre.
– Det er ingen grunn til å frykta at filmtilbodet vert dårlegare eller mindre smalt, sa Visnes.
SF Kino AS som frå før eig 43 kinoar med til saman 282 kinosalar i Sverige og Noreg, får òg forkjøpsrett til dei resterande 51 prosent av aksjane i Bergen Kino.
– Me ser ingen grunn til å stoppa det toget som startar i dag, seier Trygve Birkeland frå Kristeleg folkeparti, som samstundes minna om at kommunen beheldt aksjemajoriteten i selskapet.
– Den som trur kinodrift vil gje store overskot i framtida trur eg tar feil, sa varaordførar Tor Woldseth frå Framstegspartiet, då han argumenterte for at det er rett av kommunen å selja aksjane.
– Handlar ikkje om smågodt!
Opposisjonen fryktar at det berre vil vera eit tidsspørsmål før heile kinoen vert privatisert.
– Dette handlar ikkje om smågodt og dette er ingen hurradag for Bergen Kino. Lovnader og aksjønæravtalar er lite verd når profitten skal styra, sa Oddny Miljeteig frå SV.

– EFFEKTIVISERA: Avtalen gjer at ein kan effektivisera og forbetra kinodrifta, meiner finansbyråd Liv Røssland.
Foto: Andreas Grimsæth/NRK– Dette er eit forslag om å løyse opp eit kommunalt monopol. Me kan effektivisa og forbetra kinodrifta med denne avtalen, sa finansbyråd Liv Røssland frå Frp, då ho avrunda debatten.
Ho er ikkje uroa for at eit familiedrive investeringsselskap har kjøpt opp SF kino AS.
– Eg trur det er bra, sa Røssland.
35 av 67 bystyrerepresentantar røysta for å selja kinoaksjane.
Siste: NRK Hordaland
- Vil heller bu i hytte enn på hotell
- Fleirtal for svensk kinokjøp
- Grasbrann på Osterøy sløkt
- – Det kom som lyn fra klar himmel
- Måtte legge tyvgodset pent tilbake
- Her legger tyvene tyvgodset tilbake
- Hus totalskadd i brann i Norheimsund
- Enebolig totalskadd i Norheimsund
- Trailer krasja inne i tunnel
- Norman kan bli NHH-rektor
Nyhetsarkiv Hordaland
Norman kan bli NHH-rektor - Trua kvinna med «maskinpistol»
- – En myte at barn ikke liker fisk
- Ny grasbrann i Bergen
- Forbyr open eld etter grasbrannar
- – Syke papirløse får ikke hjelp
- 214 tunnelar får ikkje naudnett
- - Falt flere meter ned i lasterom
- To grasbrannar nær bustadhus
- Sveio-ordførar vil ut av Hordaland
- Har hatt vakthald i heile natt
- Veien sperret av steinras
- Halvparten var voldsomme dødsfall
- Ali opplevde drap på asylmottak
- 22 dødsfall på asylmottak i fjor
- – En folkebevegelse i kristennorge
- Stor gressbrann på Austevoll
- Frykter brannstiftere i Loddefjord
- Bergen Kino blir del av ny gigant
- Huseklepp på bedringens vei
- Mistenkjer brannstiftar i Bergen
- Nynorsk-misnøye i Høyre
- Tertnes ute av europacupen
- Boligbrann i Fana
- Front mot front
- Tror på bro om tre år
- Har heva lastebilen frå Sørfjorden
- Vil ha tidlig ultralyd
- Fem tatt for supporterbråk i Bergen
- – Vidunderlig å få en sånn start
- Syk Huseklepp ut i pausen
- – De sa det var veldig alvorlig
- Redningsaksjon utanfor Sotra
- Barnevogn blei sett fyr på
- Gjer vanskeleg uttrykk forståelege








