21.03.2013
SISTE FRA NRK.NO

Grasbrann på Osterøy sløkt

20 mål svidd av i grasbrann på Osterøy (Foto: Remi Presttun)

Det var tydelege merker etter brannen i graset då den var sløkt. 20 mål blei svidd av i brannen.

Foto: Remi Presttun

20 mål blei svidd av i ein gras- og lyngbrann på Røssland i Osterøy kommune.

Første melding om røyk i området kom til brannvesenet kl. 16.05.

Brannvesenet kalla ut all tilgjengeleg mannskap. Politiet sendte også folk til brannstaden.

Brannen er førebels ikkje under kontroll, opplyser politiet på Twitter kl. 17.00.

Kl. 17.21 melder brannvesenet at brannen er sløkt.

Nådde ikkje fram til skogen

Mannskap frå det lokale brannvesenet vil bli verande på staden ut over kvelden for å driva ettersløkking.

Ifølgje brannvesenet var ingen hus truga medan det brann, men det brann like i nærleiken av skog.

– Brannen nådde ikkje skogen, så det gjekk bra. Sløkkearbeidet ser ut til å ha gått greitt, seier vaktkommandør Geir Bøe ved brannvakta i Bergen.

Fleire grasbrannar den siste tida

Brannvesenet veit førebels ikkje noko om årsaka til brannen.

Dei siste par dagane har det vore fleire grasbrannar i Hordaland, blant anna i Laksevåg og i Arna i Bergen kommune, og ein stor grasbrann i Austevoll kommune.

I Bergen kommune blei det i går innført forbod mot å tenna open eld.

Siste: NRK Hordaland