Hopp til innhold

Venstre meiner alle asylborn må få opphaldsløyve etter tre år

I går avgjorde Oslo tingrett at sju år gamle Nathan Eshete frå Ytre-Arna er norsk. Venstre meiner dommen i Nathan si sak må få følgjer for alle asylborn i Norge.

Nathan Eshete og faren hans (t.v) i Oslo tingrett

OMSYNET TIL BARNAS BESTE: Venstre meiner UNE må leggje meir vekt på omsynet til bornas beste i si saksbehandling. Nathan vant i Oslo tingrett tysdag.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Me foreslår at born som har vore i Norge i tre år, automatisk får innvilga opphaldsløyve, seier nestleiar Terje Breivik i Venstre.

Dei meiner omsynet til bornas beste må vege mykje tyngre i saksbehandlinga til Utlendingsnemnda (UNE).

– Denne dommen syner at ein ikkje har ilagt det argumentet tunge nok omsyn, meiner Breivik.

Sju år gamle Nathan Eshete og familien vann ein knusande dom i Oslo tingrett tysdag.

UNE sitt vedtak om å sende Nathan til foreldra sitt heimland Etiopia vart kjent ugyldig i tingretten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Breivik

MÅ FÅ FØLGJER: - Dommen må få følgjer for alle asylborn meiner Venstre. Her er nestleiar Terje Breivik.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Ingen god politikk

– Det var rein og skjær glede, jubel, seier Breivik som altså meiner dette må få følgjer for dei 644 andre asylborna som har budd i Norge i over tre år og som har fått endeleg avslag på sin søknad.

Men statssekretær Pål Lønseth i Justisdepartementet meiner at det å gi alle asylborn som har vore i Norge i tre år opphaldsløyve, er eit dårleg forslag.

– Det er ingen god politikk å lage eit regelverk der born alltid skal få gjennomslag uansett, seier han og meiner ein slik praksis kan verta misbrukt.

– Det er mange situasjonar som då vil oppstå. Til dømes foreldre som er her med born vil halde seg fast etter eit avslag og då få eit opphald dei elles ikkje ville hatt krav på.

UNE kan anka

– Ein straffar ikkje uskuldige born for handlingar vaksne er skuldige i, svarar Breivik i Venstre.

UNE har fire veker på seg til å avgjere om dei vil anke saka. I mellomtida sit ein familie i Ytre-Arna som ikkje har slept jubelen heilt laus.

– Om dei ikkje ankar vert vi veldig glade. Det vert ei lette for oss, seier far til Nathan, Asfaw Eshete.

Nathan Eshete, faren Asfaw Eshete og Zinash Tedila Assefa vant rettssaken mot UNE. Men de vil ikke juble ennå.

Nathans familie ventar med jubelen