– Det er eit problem, ikkje berre for samtidskunst, men kunsten generelt, å kommunisera utan eit tilleggsapparat av tekst og alt det rundt, det eg vil kalla eit ei stillas som heldt arbeidet oppe, seier Tony Matelli.
Den New York-baserte samtidskunstnaren opna fredag utstillinga si «A Human Echo» ved Bergen kunstmuseum, som er den første utstillinga hans i Noreg.
Kunstnaren, som opphavleg kjem ifrå Chicago, meiner det er eit stort problem for kunsten at folk ikkje kan forstå bodskapen utan tekstplakatar eller at ein har lese seg opp på førehand.
Derfor er alt anna skrella bort frå visningsromma. I utstillinga tar Matelli utgangspunkt i attkjennande motiv, som kroppen, ei krukke med blomar og ulike dyr.
– Eg vil at gjenstanden skal få deg til å tenke at det ligg ein intensjon bak. Og at du difor må sjå etter. Eg vil at gjenstandane skal tale for seg sjølve.
To vanlege kvinner
– Ja det vil eg vel seia.
– Stort sett, ja.
Mai Stabell og Ingrid Aartun Bøe svarar begge «ja» på spørsmålet om dei ser på seg sjølv som representantar for den vanlege «kvinna i gata», når dei møter NRK.no på Festplassen i Bergen.
Dei går begge med på å sjekka ut om kunsten til Tony Matelli faktisk står på eigne bein og er sjølvforklarande.
– Like før dei dett i bakken
Utstillinga til Matelli viser ei rekkje situasjonar i grenselandet mellom det humoristiske og det groteske. Inne i utstillingslokalet i Bergen kunstmuseum skildrar dei to kvinnene kva dei ser.
– Det er like før dei dett i bakken, seier Mai Stabell og ser på ein skulptur med to personar som er i ferd med å få eit flygel over seg.
– Det er vel eigentleg ikkje så mykje igjen der, seier Ingrid Aartun Bøe
– Handlar om neste augneblink
Etter å ha gått igjennom utstillinga spør me dei to dei to føler dei forstår kva bodskapen er.
– Eg føler jo at det er ei meining med det, men eg veit jo ikkje om eg har funne den rette meininga, seier Stabell
– Med alle desse verka tenkjer eg på kva som vil skje i neste augneblink, når eg ser denne tenkjer eg på at glaset vert knust i bakken, og ser på ein vase med blomar som ser ut til å falla i bakken kva tid som helst.
Kunstnaren sjølv er ikkje uroa for om forklaringa til den som ser ikkje stemmer med kva han sjølv tenkte då han laga kunsten.
– Folk kan knyta ei anna meining til verka enn meg, utan at det er feil. Men eg ønskjer i alle fall at folk skal tenkja gjennom kva som er meininga, og vita at det er ei meining bak, seier Matelli.
Redde for å misforstå
Mai Stabell trur Tony Mantell har eit poeng, og trur at redsla for å ikkje forstå, eller å tolka kunsten feil kan gjera at folk ikkje oppsøkjer utstillingslokala, og då særleg innan for meir eksperimentell kunst og samtidskunst.
– Om ein ser noko som du ikkje forstår, får du jo kanskje ei kjensle av at du har gått glipp av noko. Kanskje det får folk til å tenka at eg går ikkje på den utstillinga for eg kjem berre til å gå ut og føla at eg har misforstått noko, seier Stabell.