Hopp til innhold

– Lindbæk har aldri skrive eller laga noko av vårt Röyksopp-materiale

Røyksopp stiller seg uforståande til at Rune Lindbæk på siste dag i retten kravde rettar til låta «Lift», uavhengig av om han var med på å laga låta eller ikkje.

Röyksopp i Bergen tingrett

STÅR PÅ SITT: Svein Berge og Torbjørn Brundtland nektar for at Rune Lindbæk har nokon rettar til musikken dei har gitt ut som Röyksopp.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Me står fast på at Rune Lindbæk aldri har skrive eller laga noko av vårt Röyksopp-materiale, uansett korleis han vrir og vender på det. Slik oppsummerte Torbjørn Brundtland, den eine halvdelen av elektronikaduoen Röyksopp, fire dagar i Bergen Tingrett.

Utgangspunktet for rettssaka er at den tidlegare samarbeidspartnaren krev opphavsrettar til låten «A Higher Place» som kom ut på Röyksopp-albumet «Melody A.M.» i 2001. Lindbæk meiner at låten delvis baserer seg på Drum Island-låten «Lift» frå 1997 som han har 50 prosent av opphavsrettane til.

Den første dagen i retten kontra Röyksopp med eit motsøksmål fordi dei meiner Lindbæk ikkje har krav på opphavsrettane han i dag har på låten frå 1997.

Torsdag dukka eit nytt omgrep opp i retten. Rune Lindbæk krev «tilverkarrettar» til låta «Lift» uavhengig om han medverka til det kunstnarlege produktet eller ikkje.

Les òg: Gjekk til rettsak på lånte pengar

– Ikkje tilstrekkeleg

Etter lunsj torsdag gjekk Röyksopp sin advokat Harald Bjelke jr. gjennom sin sluttprosedyre i tingretten.

Han la vekt på at dersom Lindbæk skal ha opphavsrettar til «A Higher place» må han ha bidrege med noko originalt i «Lift», som deretter er kopiert og brukt i «A Higher Place».

Röyksopp spilte live i retten

SPELTE LIVE: For å visa skilnadene på dei to låtane spelte Röyksopp live i tingretten tidlegare denne veka.

Foto: Ole-André Lagmandokk /

Tidlegare denne veka spelte elektronikaduoen live i tingretten for å demonstrera skilnadene mellom låtane.

Advokaten hevda derimot at det einaste som er likt mellom dei to låtane er eit element som er henta frå ei tredje låt.

– Altså ikkje tilstrekkeleg til å ha opphavsrettar, sa Bjelke jr.

Les òg: – Sjeldan å sjå slike rettsaker

– Ikkje tatt med Berge

Advokaten stilte og spørsmål ved at Lindbæk krev 35 prosent av opphavsrettane til «A Higher Place»

– Advokaten til Lindbæk har ikkje tatt med at Svein Berge (Det andre halvparten i Röyksopp) og fleire andre har rettar til «A Higher Place», når han har komme fram til at han har rett på 35 prosent av rettane, sa Bjelke jr.

– Kvart einaste eksemplar av «Melody A.M.» er ei krenking av Rune Lindbæk sine rettar, hevda Lindbæk sin advokat, Marius Aarum Øvrebø-Engemoen, tidlegare på dagen.

Rune Lindbæk og advokat Marius Aarum Øvrebø-Engemoen

KREV OPPHAVSRETTAR: Rune Lindbæk og advokat Marius Aarum Øvrebø-Engemoen står fast på kravet om opphavsrettar både for «Lift» og «A Higher Place».

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Meiner Brundtland laga «Lift» åleine

Vidare tok Röyksopp-advokaten opp i kva grad Lindbæk bidrog til den første låten som har vore tema i retten, «Lift» frå 1997.

Advokaten argumenterte for at Brundtland i all hovudsak var ferdig med låten før Lindbæk kom til studioet og kom med fleire innspel, som Brundtland seinare fjerna frå lata.

Ifølgje advokaten er det berre ein såkalla «take off» med trommer mot slutten av låten som er att av forslaga til Lindbæk.

Meiner Lindbæk pressa Brundtland

Röyksopp hevdar òg at Lindbæk utnytta rolla si og pressa til seg delar av opphavsrettane til «Lift».

– Lindbæk skaffa seg urettmessige fordelar ved å utnytta stillinga si, han var den sterke parten den gongen og var eldre og meir erfaren enn Brundtland, sa Bjelke jr. i retten i dag.

– Det er berre vås. Ein kan ikkje ha eit godt samarbeid, slik me hadde, om den eine parten er redd for den andre, sa Lindbæk om påstandane, ifølgje Dagbladet.

Les òg: – Eg gjer det ikkje for pengane

«Tilverkarrettar»

Advokaten reagerte i tillegg på at advokaten til Rune Lindbæk i sluttprosedyren tidlegare på dagen trekte inn eit nytt omgrep, då han hevda at Lindbæk uansett hadde krav på «tilverkarrettar» til låten, fordi han var ein av to som eigde Flamingo Records, selskapet som disponerte studioet og betalte lønn til Brundtland medan han produserte låten.

– Ein avtale inngått i 1996 gjer at Lindbæk ikkje har krav på låten, ifølgje Röyksopp, Lindbæk har ikkje medverka til «Lift» og har ikkje tilverkarrettar, sa advokaten til elektronikaduoen.

Etter at retten var sett stilte Torbjørn Brundtland seg undrande til at Lindbæk krev rettar til låten uavhengig av om han var med på å laga låten eller ikkje.

– Det må du nesten spørja motparten om, dei meiner jo at dette er veldig viktig og dei grunngjev det jo med at dei betalte husleige. Eg meiner det verkar veldig oppkonstruert og ein måte å snika til seg rettar på, seier Brundtland til NRK.no.

Krev sakskostnader

Harald Bjelke jr. argumenterte og for at Lindbæk måtte ta sakskostnadene etter opphavsrettskrangelen. Partane har jobba med saka i åtte år før saka hamna i Bergen tingrett.

– Han kunne ikkje føresjå omfanget då han lanserte krava sine, sa advokaten til Lindbæk, Marius Aarum Øvrebø-Engemoen, i tidlegare på dagen, då han argumenterte for at klienten ikkje kan belastast med sakskostnader.

Vil vidare

No vil det ta mellom to og fire veker før dommen er klar. Uansett utfall, er det viktigaste for Röyksopp å komma seg vidare.

– Eg har ein positiv følelse, me ønskjer å komma vidare. Me håpar det og gjeld for motparten. No skal alle vidare, seier Brundtland.