Hopp til innhold

Trur ikkje på sikta si forklaring

Den drapssikta 30-åringen frå Sotra hevdar han handla i nødverge. Politiet har ikkje tru på forklaringa.

Politiadvokat Eli Valheim og advokat Helge Wesenberg i Nordhordland tingrett

Politiadvokat Eli Valheim ba om fire veker varetektstfengsling av den drapssikta. Forsvarar Helge Wesenberg seier 30-åringen handla i nødverge.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Eg kan ikkje sjå at den sikta befann seg i ein slik situasjon at det var nødverge, seier politiadvokat Eli Valheim ved Hordaland Politidistrikt.

Kan du utdype kvifor du meiner det?

– Eg vil ikkje kommentere det vidare, svarar Valheim.

– Handla i nødverge

Den sikta 30-åringen hevdar han handla i nødverge då han knivstakk ein 31 år gamal mann frå Sotra. Mannen døde etter tilsynelatande eitt stikk i mageregionen. Politiet har funne kniven dei meiner den sikta har brukt.

– Han har forklara at han handla i berettiga nødverge, seier den siktas forsvarar, Helge Wesenberg.

– Han er sterkt prega av hendinga og er veldig ulykkeleg over det som har skjedd. Men han meiner at han sjølv ikkje kan skuldast.

Avkrefter at drepte hadde med kniv

Den drepte var på ein samankomst heime hos den sikta natt til mandag. Sambuaren var med, og ein fjerde mann frå nabolaget var i leiligheten. 31-åringen dro heim, men skal ha kome tilbake for å hente sambuaren sin.

Politiet har spekulert i om det var sjalusi som førte til konfrontasjonen mellom dei to mennene. Ifølge VG skal den drepte ha hatt med seg ein kniv.

– Det stemmer ikkje, han har ikkje hatt med seg ein eigen kniv, seier Eli Valheim.

Politiet har funne kniven dei meiner er drapsvåpenet. Den sikta fekk mindre skadar på ein arm under konfrontasjonen. Han vart operert for skadane på Haukeland universitetssjukehus.

Sit i avhøyr

– Han vart avhøyrt veldig kort like etter operasjonen. No sit han til grundigare avhøyr, seier Valheim.

– Etterforskinga no består i å ta avhøyr av fleire.