Hopp til innhold

Desse norske er komne heim

Søndag kveld er åtte nordmenn tilbake i Noreg etter gisselaksjonen i Algerie. Fem er sakna. Namna på dei fem blei offentleggjorte søndag kveld.

Fly med Statoil-ansatte

LANDA PÅ FLESLAND:Flyet med dei fire første norske frå In Amenas landa på Flesland fredag. Sidan det er fire andre nordmenn frakta trygt heim.

Foto: Frank Bremnes/NRK

Åtte nordmenn er gjort greie for etter angrepet mot Statoil sitt anlegg i In Amenas. Søndag kveld valgte Statoil, i samråd med dei pårørande, å gå ut med namn på dei fem som er sakna.

Dette er det NRK veit om dei åtte som er i tryggleik:

  1. Mann (50), busett i Bergen.
  2. Mann (54), busett i Lindås.
  3. Mann (58), busett i Bokn.
  4. Mann (57), busett i Bergen.
  5. Mann (57), busett i Sandnes.
  6. Oddvar Birkedal (58), frå Grimstad, busett i Asker.
  7. Mann (50), busett i Lindås.
  8. Mann (56), busett i Gulen.

I løpet av natt til søndag landa dei siste tre norske statsborgarane i Noreg, får NRK opplyst. Blant dei var ein mann på 50 år frå Lindås kommune i Hordaland.

Flykta gjennom ørkenen

Fire av dei overlevande kom seg ut av In Amenas då angrepet starta, og var dei fire første norske som kom seg i tryggleik i Algerie.

Ein av dei fekk lettare skadar etter flukta i ørkenen.

Mannen (50) som opphavleg kjem frå Sunnmøre er gift og busett i Bergen. Fredag sa kona til 50-åringen til NRK.no at ektemannen måtte flykta frå terroristane gjennom ørkenen med splintar i beina.

Arkivbilde av gassanlegget i Amenas, Algerie

FLYKTA I BUSS: Fleire av dei Statoil-tilsette som kom seg bort frå anlegget flykta i ein buss.

Foto: Kjetil Alsvik / STATOIL / NTB scanpix

– Han skal aldri ned igjen

Ein 54-åring frå Lindås kommune er òg blant dei som landa på Flesland i går. Han var på ein buss på veg ut anlegget då terroristane slo til onsdag.

Kona til 54-åringen har fortald at ektemannen ikkje kjem til å reisa tilbake til Algerie.

– Han skal aldri ned igjen der, det har han sagt. Han kjem aldri til å setta foten sin i det landet igjen.

Snakka med NRK

Ein annan av dei fire første som kom seg i tryggleik onsdag er ein 58-åring frå Bokn kommune i Rogaland. Mannen har tilknyting til Bergen.

– Det går bra med meg, det er alt eg kan seia, sa 58-åringen då han snakka med NRK onsdag kveld, same dag som gisselaksjonen starta.

Bussen som fleire av dei Statoil-tilsett var i vart angripe kort tid før angrepet mot sjølve anlegget. Dei vart redda av militæret som vakta leiren rundt klokka 05.50 onsdag morgon lokal tid.

Fjerdemann frå Rogaland

Fjerdemann som kom seg unna angrepet er ein 57-åring frå Møre og Romsdal, som bur i Rogaland.

– At han kom seg unna er berre fantastisk, sa søstera hans til media..

Alle dei fire første norske Statoil-tilsette kom med fly til Bergen via Palma på Mallorca fredag. Dei kom til Noreg saman med ein kanadisk Statoil-tilsett, som også kom seg unna angrepet.

Femtemann trygg fredag

Fredag morgon kom det melding om at ein ny nordmann hadde kome seg i tryggleik.

Han var skada og vart fredag frakta med ambulansefly til Flesland og eskortert vidare til Haukeland universitetssjukehus.

Laurdag morgon stadfesta Statoil at ytterlegare to nordmenn var trygge og frakta ut av anlegget. Dermed var sju av dei tretten nordmennene som var i leiren trygge.

Gjekk 15 timar gjennom ørkenen

Ein av dei som kom til rette i løpet av natt til laurdag var ein 57 år gamal mann frå Bergen. Han hadde fått sendt melding til familien sin allereie onsdag. Familien trudde han var trygg, men så høyrte dei ikkje frå han.

Først natt til laurdag fekk dei nytt livsteikn frå 57-åringen. Han hadde flykta frå gisseltakarane og kome seg i tryggleik i byen In Amenas.

VG skriv i dag at han gjekk 15 timar gjennom ørkenen for å koma seg i tryggleik. Han kom seg unna saman med sju andre gislar, og kom fram til byen fredag kveld, sterkt utmatta og dehydrert.

LES SAKA: Bergenser flyktet 15 timer i ørkenen

Frigitt nordmann i In Amenas

TRYGG: Ingen visst noko om norske Oddvar Birkedal (til høgre), før bilete av han dukka opp. Saman med to britiske statsborgarar var han i god behald og den siste nordmannen i tryggleik i Algerie.

Foto: LOUAFI LARBI / Reuters

Dukka plutseleg opp på tv

Laurdag kveld fekk familien til nok ein Statoil-tilsett ein gladnyheit.

Den norske 58-åringen Oddvar Birkedal dukka plutseleg opp på norske tv-skjermar. Han vart intervjua inne på anlegget og bilete frå nyheitsbyrået Reuters viste nordmannen som man i utgangspunktet ikkje visste noko om.

Han var i god behald, og hadde halde seg på rommet sidan angrepet starta.

– Vi har ingen fysiske skadar og er blitt godt tekne vare på, seier han i intervjuet.

Sundag opplyste kjelder NRK har snakka med at ein 50 år gammal mann frå Lindås kommune var komen tilbake frå Algerie.

Sundag kveld vart det og klart at ein 57-åring frå Gulen i Sogn og Fjordane ikkje er blant dei sakna.

Var ikkje inne på anlegget

Også ein 59-åring frå Nord-Trøndelag vart kopla til angrepet onsdag, men ifølgje informasjon NRK har fått tak i ikkje ha vore inne på gassanlegget då terroraksjonen starta.

Alle dei åtte norske er no altså frakta tilbake til Noreg. Alle blir frakta til Bergen og Statoil sitt pårørandesenter, og får tilbod om krisehjelp. Der er også Kripos og lokalt politi, som har teke avhøyr av dei overlevande.

Fem nordmenn savna

Sjølv om nokre av dei pårørande har fått sine kjære heim dei siste dagane, ventar mange i uvissa. Situasjonen er framleis uavklart for fem nordmenn som vart tatt som gislar i Algerie.

Søndag gjekk Statoil ut med namn på dei fem.

LES OGSÅ: UD leter videre etter nordmenn i Algerie

Veit du noko? Kontakt NRK sine journalistar.