Nektar homo-venlege prester adgang
Homo-venlege prestar er ikkje velkomen til kyrkjene i Øygarden.
Publisert 20.09.2006 07:20.
- Skriv ut
Det er konsekvensen av eit vedtak som er gjort av kyrkjelydsråda i kommunen.
Øygarden prestegjeld er samansett av to sokn, Hjelme og Blomvåg.
Krev særhandsaming
Dei to kyrkjelydane krev særhandsaming og ønskjer eit alternativt overhovud viss Bjørgvin skulle få ein biskop som aksepterer homofilt samliv.
Krava om særhandsaming vart presentert for noverande Bjørgvin-biskop Ole Hagesæther førre veke. Han står sjølv for ei konservativ linje i homofili-saka, og han har tillit hos dei to sokneråda i Øygarden.
Men Hagesæther går av om to år, og sokneråda kjenner seg ikkje fullt så trygge på kva ein ny biskop vil meine. Det seier leiar i kyrkjeleg fellesråd, Gustav Landro.
«- Viss vi får biskopar og overordna av den liberale typen, vil det rett og slett ikkje gå i hop med den praksisen og den kulturen som finst i vårt prestegjeld. Det er difor vi ber biskopen om å hjelpe oss, slik at det eventuelt kan vere mogeleg for framtida å få ein alternativ biskop.»
Gustav Landro, leiar i kyrkjeleg fellesråd, Øygarden
Får ikkje halde gudstenester

Noverande biskop i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther.
Foto: Marit Hommedal/ScanpixBiskop Hagesæther ser likevel ikkje føre seg alternative ordningar. Han ønskjer heller ikkje å gå vidare med saka.
- Det finst ikkje slike ordningar, vi har ikkje den konstruksjonen. Slik som det er no, er det biskopen i Bjørgvin, anten det er meg eller min etterfølgjar, som vert biskop for prestegjelda i Øygarden.
Homofili-striden og kyrkjesituasjonen har i lengre tid engasjert sokneråda i Øygarden.
Saka er teke opp på mange møter, og vedtaka er samrøystes: Prestegjelda vil ikkje innordna seg under nokon som aksepterer homofilt samliv.
Det inneber også at prestar med slikt syn ikkje får halde gudstenester i Øygarden.
- Det er ein direkte konsekvens av det som vi har sagt no, ja, seier Gustav Landro.
Siste: NRK Hordaland
Nyhetsarkiv Hordaland
Ni bilvrak funne i sjøen - FrP seier ja til bompengar
- Distriktselevane slit
- Frykter nedleggelse
- Refleksaksjonen som tok helt av
- – Viktigst at pårørende takket ja
- Ruspåvirkede førere stort problem
- 3 av 10 seter solgt i Eliteserien
- Bergen vinner – Hardanger taper
- Stor skilnad på bensinprisen
- 36 år gammel mann døde i ulykke
- Hurtigrute-TV er norsk kulturarv
- Mann til sykehus etter boligbrann
- Moteduo fra Bergen fikk designpris
- – Kunne mistet synet
- Vil rehabilitere Møhlenpris skole
- Danske blir ny festspilldirektør
- Kvinne døde etter kollisjon
- Har samlet inn DNA i Os
- En person omkom i møteulykke
- Vil gi bort «fuktskadd» miljøbombe
- Trafikkulykke på Haukeli
- Fortsatt kritisk for to skadde
- Frontkolliderte i tunnel
- Snøværet skaper trafikkaos
- Bergensluften kan bli enda verre
- Båt med tre tok inn vann
- Mann og kvinne kritisk skadd
- – Frp må si nei til økte bompenger
- Til sykehus etter utforkjøring
- Evakuerte folk på grunn av brann
- Tyver sendte redningsskøyte på rek
- Lagrer kulde og varme i bakken
- Nytt damanlegg på Gullfjellet
- Sykdom og bråk i Black Sabbath
- Storma ambassadar etter granatåtak
- - FN stemmer over Syria-resolusjon
- Kutter ned på gass-leveranser
- Dømt for beføling av mindreårig
- Armstrong slepp tiltale
- Jente ranet ved Nygårdsparken
- Bompenge-krangel mellom H og Ap
- 310 kanselleringar for Hurtigruten
- 12 års fengsel for drapet på Askøy
- Togopprør mot 80-tallsvogner
- Navn på omkomne frigitt
- Vervet 222 i protest mot SV-leder
- Lars Vaular blir pappa i sommer
- Kastet ved på biler fra gangbro
- Død 8-åring framleis eit mysterium

Hoksrud støtter ja til bompenger





