Hopp til innhold

Fotspor avslørte tjuv

Ein mann i 40-åra braut seg i natt inn hjå Eidsiva kontorservice på Hamar, men tenkte ikkje over at det var nysnø..

Fotspor i snøen
Foto: Morten W. Røkeberg / NRK

Den heller naive innbrotstjuven la nemleg att spor i snøen, som førte direkte til mannens bustad.

- Det var nok eit av dei lettare oppdraga politiet her har vore ute på, humrar operasjonsleiarane ved Hedmark politidistrikt.

For om det ikkje var nok med fotspor i snøen, så hadde tjuven lagt att andre leietrådar for politiet.

Han hadde nemleg skore seg opp i løpet av innbrotet, og blodspora førte direkte heim til mannen.

Kjenning av politiet

Mannen vart arrestert på staden, og vil bli anmeldt for innbrotet. Politiet karakteriserer mannen som ein kjenning av politiet.

Flere saker fra Innlandet