Hopp til innhold

Schiong tapte

Advokat Håkon Schiong tapte på alle punkt i saka mot Advokatbevillingsnemnda. Oslo tingrett meiner Schiong er uskikka til å drive advokatverksemd.

Nilsens forsvarer Håkon Schiong

 Advokatbevillingsnemnda gjekk i mars i år inn for å ta frå Schiong løyvet, fordi dei meiner han har drive økonomisk snusk. Tilsynsrådet for advokatvirksomhet meiner Schiong har brote bokføringslova, advokatforskrifta og kvitvaskingslova.

Schiong saksøkte Advokatbevillingsnemnda, og kravde å få halde på løyvet.  Alternativt kravde han at vedtaket om å ta frå han løyvet skulle utsetjast til det fall dom i saka.

Gyldig vedtak

Schiong fekk ikkje medhald i Oslo tingrett. Retten meiner at vedtaket om å ta frå Schiong løyvet var gyldig, og kan ikkje sjå at det er grunnlag for utsetjing.

Schiong er dessutan dømt til å betale sakskostnadene til Advokatbevillingsnemnda på 48.000 kroner. Retten legg vekt på at advokatar må ha tillit i samfunnet og i det offentlige. Dei kritikkverdige forholda som er avdekte ved bokettersynet, er samla sett så alvorlege at advokat Schiong må ha mista den tilliten som er nødvendig i yrket, heiter det i dommen.

Flere saker fra Innlandet