Hopp til innhold

Klimaet årsak til moskusdød?

Denne veka vart det funne ein død moskuskalv på Hjerkinn på Dovrefjell. Forskarar fryktar at klimaet er årsaka til at moskusen igjen slit med sjukdom.

Moskus på Dovre
Foto: Arne Nævra / Scanpix

Førebelse undersøkingar av den døde kalven tyder på at han døydde av den same lungebetennelsen som plaga stamma i haust. Da døydde minst 24 dyr av den same sjukdommen.

Bjørnar Ytrehus, som er veterinær hos Veterinærinstituttet, fryktar nå at klimaendringar kan vera årsaka til desse sjukdomsutbrota. Førebels veit ingen kva som kan gjerast for å få bukt med problemet.

 

Varmare

Ytrehus viser til at det dei siste vintrane har vore varmare enn normalt. Han trur den tjukke vinterpelsen kan gjera at moskusane ikkje toler denne varmen.

Både Veterinærinstituttet og fylkesmannen i Sør-Trøndelag ser nå alvorleg på funnet av den døde moskuskalven. Tala viser at moskusstamma på Dovrefjell tel i underkant av 200 dyr. Rådgjevar Bjørn Rangbru hos fylkesmannen fryktar at stamma kan ta skade av alle dei plutselege dødsfalla. Alle partar kjenner seg hjelpelause i arbeidet for å hindre at stamma blir enda meir redusert. 

 

Publikum blir bedt om å melde frå om alle funn av død moskus til fjelloppsynet.

Flere saker fra Innlandet