Hopp til innhold

– Riktig av han å dela rom med jenta

Kona til overgrepstiltalte Rune Øygard meiner det var riktig av ektemannen å dela rom med den mindreårige jenta når dei to var på reise saman.

Kona til Øygard

Reidun Øvre Øygard vitner i retten i dag.

Foto: Elin Fagertun / Tegner

Kona til Rune Øygard, Reidun Øvre Øygard, har heile tida støtta mannen sin, etter at overgrepssaka mot han blei offentleg kjend i september i fjor. I retten fortel ho at det var den fornærma 16-åringen som søkte kontakt med ekteparet Øygard, og at dei tok henne inn i varmen.

Om hotellovernattingane, meiner kona det var riktig av Øygard å dela rom med den mindreårige jenta.

– Eg visste at dei overnatta på dobbeltrom. Det er eit ansvar å ha med seg ein ungdom og leggja ho på eige rom. Det ville ikkje gått heller, ho var for engsteleg, og eg ville ha ikkje teke ansvaret for ein 14-åring åleine på eit rom ved sidan av.

– Såg aldri at han hadde interesse for henne

Kona til tiltalte meiner det var uproblematisk at jenta og ektemannen reiste på turar ilag:

– Eg måtte vera trygg på dei begge to. Eg såg aldri noko frå Rune si side som peika mot at han var interessert i ho, og såg heller aldri at ho var interessert i han. Eg korkje såg eller høyrde noko slikt.

Overnattingane blei likevel eit samtaleemne mellom Øygard og kona etterkvart som jenta blei eldre.

– Eg hadde tillit til jenta og eg hadde tillit til Rune. Me prata om det, me hadde ein dialog om at ho var i ferd med å bli større. Samstundes må ein sjå det i dei rammene ho var i. Me prøvde å gjera så godt me kunne, fortel kona.

– Verka ikkje som ho hadde det så bra

SE VIDEO:

Direkterapport fra tingretten og Vågå

Direkterapport fra tingretten og Vågå

Det var ein familierelasjon som gjorde at jenta kom inn i familien Øygard. Dei møtte kvarandre t i bryllaupet til jenta si mor, fortel Reidun Øygard på spørsmål frå aktor.

Forholdet til jenta blei etterkvart nærare, og jenta kom ofte på besøk. Kona til tiltalte oppfatta jenta som ei engsteleg og uroleg jente som søkte tryggleik og merksemd.

– Me opna heimen vår, huset vårt og hjartene våre for jenta, seier kona til den tiltalte på spørsmål frå aktor i saka.

Etterkvart blei det også til at jenta overnatta i huset til ekteparet Øygard.

– Fyrste gongen ho låg hjå oss var ho engsteleg. Ho ville la døra stå open og la ljoset stå på. Men etterkvart fann ho roen med oss. Ho gløymde gjerne att ting i heimen vår. Eg trur det hadde med tryggleik å gjere, at ho visste at ho kunne kome attende, foklara kona under aktor si utspørjing.

Rettsteikning av fornærma i Øygard-saka

Den 16 år gamle jenta har i retten forklart at det dreier seg om rundt 50 seksuelle overgrep over ein toårsperiode.

Foto: Teiknar: Elin Fagertun

Avviser hyppige overnattingar

Ifølgje tiltalen skal det første overgrepet ha funne stad den første gongen jenta var med ekteparet Øygard til hytta på Kråkenes.

Dei var ikkje åleine under det opphaldet, seier Reidun Øygard.

Det var dessutan sjeldan at Rune Øygard og jenta overnatta åleine på hyttene eller i heimen deira. Berre ein gong kan ho hugsa at dei to drog i førevegen til hytta, og at ho kom dit dagen etter.

Kona fortel at ho i større grad enn ektemannen sette grenser for jenta:

– I starten var eg nok vel så viktig som Rune, vi var mykje saman. Vi tok ho med oss på ting vi gjorde, var med til familie og vener og stengde ho ikkje ute på noko vis.

Faren til den fornærma jenta fortalde under sitt vitnemål måndag føremiddag at han ikkje reagerte på den hyppige kontakten mellom 53 år gamle ordføraren Rune Øygard og den mindreårige dottera, fordi ho var særs interessert i politikk.

Også kona til den tiltalte oppgir jenta si interesse for politikk som grunn til at ho ikkje stilte spørsmål ved at Rune og jenta var stadig meir saman - utan henne.

– Eg hadde ikkje så mykje spanande å gje som Rune, ho kunne til dømes ikkje vera med meg på jobb.

– «Naken» betyr noko anna på dialekt

Sør-Gudbrandsdal tingrett

Den fire veker lange rettssaka mot Rune Øygard går i Sør-Gudbrandsdal tingrett i Lillehammer. Tingretten i Vågå vart funnen inhabil i saka mot Ap-ordføraren.

Foto: Geir Bernhard Randby / NRK

I retten får kona spørsmål om å stadfesta eller avkrefta påstandar som blei framsette av partane i retten førre veke. Det gjeld blant anna hytteturar, hotellovernattingar, gåver og kommunikasjonen mellom Øygard om den fornærma via mobil og internett.

Førre veke la aktor fram ei SMS-utveksling mellom ungjenta og tiltalte, der Øygard skriv «eg elskar deg og berre deg» til ungjenta.

Ektefellen til Øygard meiner dette var ord dei brukte når jenta hadde det vanskeleg og dei ville trøysta henne.

– Me sa at me elska ho, me gjorde det på vår måte. Særleg i starten. Orda var sterke, særleg når ho hadde det vanskeleg, fortel vitnet.

– Men det var uakseptabelt at dei brukte «eg elskar deg» i skriftspråk. Det var noko vi brukte i starten, men eg meiner at det ikkje passar skriftleg, da kan det virke som om det ligg noko meir bak, legg ho til.

Ho meiner ordbruken i kommunikasjonen mellom jenta og ektemannen er misforstått.

– Når ein tek ting ut av samanhengen det er sett inn i, blir det store rom for å tolka.

Reidun Øygard kommenterte også dei mykje omtala Skype-samtalene som vart refererte i retten før helga.

Til dømes forklara ho uttrykket å vera naken, som på dialekt kan bety at ein har på seg for lite klede, ikkje nødvendigvis at ein er naken.

Samstundes tek ho avstand frå det ektemannen har karakterisert som griseprat.

– Den typen kommunikasjon kan eg ikkje stå for, og det er uakseptabelt. Samstundes må ein vera forsiktig med korleis ein tek ord og uttrykk ut av samanhengen, understrekar Reidun Øvre Øygard.

Ikkje plikt

Kona har etter norsk lov ikkje plikt til å forklara seg, ettersom ho er gift med tiltalte. Ho kan også nekta å svara på spørsmål som kan føra til «tap av borgarleg omdøme» for den tiltalte. Det opplyste også dommaren om før ho gjekk i gang med sitt vitnemål måndag.

TIltalte Rune Øygard nektar straffskuld, og stiller seg uforståande til skuldingane mot han. Han erkjende førre veke å ha delt seng med jenta og «griseprata», blant anna på chatteprogrammet Skype.

Han karakteriserer forholdet sitt til den unge jenta, som eit far-dotter-forholder, og den seksualiserte kommunikasjonen mellom dei som «ein sjargong».

Flere saker fra Innlandet