Hopp til innhold

Meiner brannhemmande lakk kan redde trekyrkjer

Dei siste 11 åra har 48 kyrkjer brunne ned til grunnen her i landet. Riksantikvaren vil likevel ikkje prøve ut brannhemmande lakk.

Våler kirke er brent ned.

Våler kirke brann ned til grunnen i 2009. Brannen var påtent, og brannvesenet kunne lite gjere.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Våler kirke i Hedmark brann ned til grunnen i 2009. Den over 200 år gamle kyrkja vart påtent, og brannmannskapa hadde ikkje moglegheit til å kontrollere brannen.

Dette er ein av 48 kyrkjebrannar i Noreg dei siste 11 åra, mange av brannane starta utvendig, og 25 prosent var påtent.

Forsinkar brannen i 60 minutt

Administrerande direktør Rolf Leo Waage Nilsen i Biokjemi Norge AS i Vennesla meiner å ha løysinga for å unngå nye brannar i norske trekyrkjer.

Brannhemmande lakk som er utvikla i Storbritania skal forsinke ein brann i opptil 60 minutt slik at brannvesenet kan rekke fram. Han tek med seg NRK på eit lite forsøk. Han tenner på ein vegg med den brannhemmande lakken, og ein vegg som er ubehandla.

– På den ubehandla veggen kom flammane fyrst gjennom, og om få minutt har vi full gjennombrenning her. På veggen med lakk kan vi sjå at det omtrent ikkje er røyk, og ikkje antydning til at det brenn gjennom, skildrar Waage Nilsen.

Mange trekirker kunne vært reddet fra brann, mener produsenter av ny brannhemmende maling.
Riksantikvaren sier nei til å prøve det ut.

– Kyrkjebrannar kunne vore unngått, meiner Biokjemi Norge.

– Kan brenne 250 kyrkjer til

Likevel er det ikkje noko som tyder på at lakken vil bli brukt på norske kyrkjer med det fyrste. Riksantikvaren, som gjev råd til biskopane om korleis kyrkjene kan haldast ved like og sikrast mot brann, er nemleg skeptisk.

Han seier nei til å prøve ut den brannisolerande lakken på trekyrkjer.

– Vi veit for lite om kva konsekvensar langvarig bruk av desse produkta har på tre. Vi er bekymra for at dette kan gjere at dei blir for tette, noko som vil auka sannsynet for ròte og soppangrep, seier seksjonssjef Harald Ibenholt hjå Riksantikvaren.

– Produkta er testa etter britiske og europeiske standardar, og tilfredsstiller også norske standardar. Dersom riksantikvaren skal prøve produktet må dei prøve det i 50 år. I løpet av dei åra vil det brenne ned 250 kyrkjer til. Det har vi ikkje råd til, seier Rolf Leo Waage Nilsen i Biokjemi Norge AS.

Flere saker fra Innlandet