Hopp til innhold

Birkenkomet ueinig med Sykkelforbundet - blir kasta ut av VM-laget

Truls Engen Korsæth deltok under Birkebeinerrittet i staden for ritt i Tyskland. Det kostar han plassen på laget som skal sykle U23-VM i Austerrike om to veker.

Martin Olsen og Truls Engen Korsæth

Truls Engen Korsæth (til høgre) vart nummer tre under Birkebeinerrittet i helga. Her saman med andremann Martin Olsen.

Foto: Haakon Berg Mathisen / NRK

19 år gamle Korsæth imponerte alle under Birkebeinerrittet laurdag. Han følgde vinnaren, Lars Ragnar Manengen, nesten heilt til målstreken, og tok ein sterk tredjeplass på heimebane.

Det er ikkje nok til å imponere landslagsleiinga. Dei ville nemleg at Korsæth skulle droppe birken og i staden vere med på eit rundbaneritt i Tyskland for å få teknisk trening.

– Dersom han skal utvikle seg som rundbanesyklist må han få orden på sine tekniske utfordringar. Det gjer ein best ved å køyre rundbane, ikkje ved å køyre birken, seier landslagssjef i terrengsykling rundbane, Lars Vidvei.

Andre året på rad

Når den unge lillehamringen ikkje hadde moglegheit til det er Vidvei klar på at det ikkje er plass til Korsæth på VM-laget.

– Eg tykkjer det er synd. Eg meiner vi skulle løyst dette, men eg trur Birkebeinerrittet hang såpass høgt at det var grunnen.

Dette er andre året på rad at det unge sykkeltalentet frå Lillehammer syklar birken i staden for å følgje landslagsleiinga sitt opplegg.

– Truls har ein kjempekapasitet, og til trass for sine tekniske utfordringar kan han køyre blant dei beste i verda på gode dagar. Men han har ikkje køyrt gode tekniske løp i år, så vi meiner det er viktig at han trenar på det, seier Vidvei.

Måtte jobbe

Sportsleg leiar i Lillehammer sykkelklubb, David Tofthagen, seier at det ikkje var deltaking i Birkebeinerrittet som gjorde at han stod over det fyrste rittet i Tyskland. Han fortel at det var på grunn av jobb at Korsæth ikkje hadde moglegheit til å reise, og derfor valte å sykle birken. Apparatet rundt syklisten meiner også at Sykkelforbundet har endra opplegget den siste tida, noko som gjorde det vanskeleg for Korsæth å vere med.

I kveld var det eit møte i leiinga i Sykkelforbundet. Der vart det klart at dei held fast på si avgjerd om at Korsæth ikkje får reise til Tyskland for å køyre eit nytt rundbaneritt, og dermed vise at han er god nok til å delta i VM.

– Eg tykkjer det er synd. Det er ingen tvil om at Truls er meir enn god nok til å delta i VM, og eg tykkjer dette har vorte handtert litt klønete. Vi har hatt eit ryddig og godt forhold til forbundet heile sesongen, og det er synd at det nå har vorte slik, seier Tofthagen.

– Vil han satse på rundbane så er han hjerteleg velkomen til å vere på landslaget. Men da må han satse på rundbane ein heil sesong, seier landslagssjef Lars Vidvei.

Flere saker fra Innlandet