Kongsvinger, Raufoss og HamKam vidare i cupen

HamKam fekk mykje å juble for i cupkampen mot Valdres.
Foto: Helle Therese Kongsrud /NRKDet vart inga lokale cupbomber i andre runde i cupen. Men HamKam, Kongsvinger og Raufoss tok seg greitt vidare på vegen mot Ullevål.
Publisert 09.05.2012 18:55. Oppdatert 09.05.2012 20:07.
- Kommentarer
- Skriv ut
Andre runde i cupen vart spelt onsdag kveld, og i alt sju lokale lag var i aksjon. Fleire av dei fekk tøff motstand frå eliteserielag.
Nybergsund er attende i 2. divisjon etter eit lengre opphald i divisjonen over. Men mot Hønefoss ville dei vise at dei framleis er gode nok til å kjempe mot dei beste. Ved pause heldt dei overraskingslaget frå eliteserien, Hønefoss, til 1–1 etter mål av Jonas Enkerud.
I andre omgang viste Hønefoss kva som er grunnen til at dei rykka opp og Nybergsund ned i fjor, og kontrollerte inn ein grei 4-1-seier i Trysil.
Både andredivisjonslaget Gjøvik og tredjedivisjonslaget Ottestad møtte tøff eliteseriemotstand, og klarte ikkje å smelle noko cupbombe. Men dei kom frå det med æra i behald, Ottestad tapte 2–0 mot Lillestrøm, medan Gjøvik FF tapte 2–0 heime mot Strømsgodset.

Gjøvik kunne ynskje serieleiaren i eliteserien, Strømsgodset velkomen til Gjøvik stadion.
Foto: Harald Christian Eiken/NRKHamKam avgjorde i andreomgang
På Briskeby var gjestane Valdres frekke og freidige nok til å ta leiinga allereie etter tre minutt ved Thomas Morgan. Men andredivisjonslaget var ikkje lenge i paradis, berre sju minutt seinare utlikna Thomas Lehne Olsen for HamKam.
Dette resultatet stod seg til pause, men det vart raskt fleire mål i ein fartsfylt men publikumsfattig kamp på Briskeby. Fyrst sette Ørjan Berg Hansen inn 2-1, før Vegar Bjerke like etterpå sende hamarsingane opp til 3–1 på straffe.
Som om ikkje det var nok avgjorde Emil Dahle og Christer Jensen med mål mot slutten, og det ende til slutt 5–1 til HamKam.

Liten grunn til å vaie med flagga for Valdres-fansen i andre omgang.
Foto: Helle Therese Kongsrud /NRKKongsvinger har hatt ein bra start i 1. divisjon under den karismatiske Tom Nordlie, og tok seg også greitt vidare i cupen. Borte mot Lørenskog vann dei 2–1, etter to mål av Samir Fazlagic.
Raufoss tok seg også vidare til tredje runde i cupen etter at Oliver Berg og Petter Senstad skåra måla i 2-0-kampen mot Strømmen.

Raufoss er vanskelege å slå inne i sin eigen storhall. Nå er dei i tredje runde i cupen etter at dei slo førstedivisjonslaget Strømmen 2–0.
Foto: Halvor Mykleby/NRKSiste nytt fra Hedmark og Oppland
Siste riksnyheter
Vegvesenet: - Dropp helgeturen - Farlig granat funnet på lekeplass
- - Hellas er asyl-versting i Europa
- Fredriksen kan bli ubestridt størst
- Her blir politimannen knivstukket
- Flommen kan bli enda verre
- To razziaer etter kjøttøks-drap
- Rystet over drap med kjøttøks
- Bilbombe råka fransk gruve i Niger
- Børsen i Japan stupte
- Disse veiene er stengt grunnet flom
- Cameron innkaller til krisemøte
- Nye opptøyer i Stockholm
- Amerikanske droner drepte Awlaki
- – Mange reddet av tornadorom
- Pågrepet etter skyting på Jessheim
- Borgermester i crack-skandale
- Pakistansk politi: Bestillingsdrap
- Venn av Boston-bomber tilsto drap
- Mann pågrepet for IRA-angrep
nrk.no/sport
Northug kan få ein million i bonus - Svendsen og Bø forstår Northug
- 12 Vidar-spillere utslått av sykdom
- Brann-supportar framme etter 34 mil
- Hør Bayern Münchens mesterligahymne
- 10 kampar for rasistisk oppførsel
- Så ofte er idrettsutøvere skadet
- Har sendt tilbake 35 par ski
- Morrison ute resten av sesongen
- Europaligavinneren til mesterligaen
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
– Det var vann overalt - Krisepsykiater om Øygard
- Bildegalleri flom i Hedmark/Oppland
- – Jeg var ingen mediestrateg
- Gausdal uten internett og telefon
- Evakuert etter ras i Valdres
- – Vil prege Oppland Ap i lang tid
- – Uoversiktlig situasjon
- Campingvogn tas av vannmassene
- Flere hundre biler fast på E6
- Har ikke kontroll over vannmassene
- Vågå-ordfører om kjennelsen
- Flommen herjer i innlandet
- – Øygard-kjennelsen ren gjetning
- Hus tatt av ras på Otta

Dette har vi i vente i neste uke




