Hopp til innhold

100 000 i bot for gondolulukke

Firmaet Tronrud Mjøsbygg i Lillehammer har fått ei bot på 100 000 kroner etter gondolulukka i Hafjell 31. januar i fjor.

Gondolulykke i Hafjell.

GONDOLULUKKE: Krana kom borti gondolen slik at den fall 10-15 meter rett ned. Ein 10 år gamal gut vart skada.

Foto: Veslemøy Eineteig Christiansen/NRK/Web-kamera Hafjell alpinsenter

Ein 10 år gamal dansk gut vart lettare skada då ei heisekran kom borti gondolen han sat i, slik at gondolen fall 10-15 meter rett ned.

Det var Tronrud Mjøsbygg som var ansvarleg for drift av krana.

– Har brote Arbeidsmiljølova

Politiadvokat Stine Rigmor Grimstad meiner at firmaet har brote Arbeidsmiljølova:

– Vi har foreteke ei vurdering ut ifrå dei krav som blir stilt i Arbeidsmiljølova, seier ho.

– I tillegg så har Arbeidstilsynet gitt ei tilråding som vi har funne grunn til å bygge på.

Ankar ikkje

Dagleg leiar i Tronrud Mjøsbygg, Jan Tore Sagbakken seier til NRK at han tykkjer bota er i høgste laget, men at dei ikkje kjem til å anka saka.

– Vi ser ikkje nokon anna moglegheit enn å leggje oss flate for myndigheitas konklusjon, seier han.

Flere saker fra Innlandet