Juvasshytta nådde ikkje fram med klage

Klimapark 2469 vil setje opp eit hus i nærleiken av Juvasshytta. Dette blir godkjent av Lom kommune i deira reguleringsplan som nå har vore handsama hjå Fylkesmannen.
Foto: Lier, Gunnar/SCANPIXFylkesmannen har vurdert reguleringsplanen for området ved Juvasshytta og klimapark 2469. Dei har kome fram til at det ikkje er nokon grunn til å setje Lom kommune sitt vedtak til side.
Publisert 03.02.2012 17:49.
- Skriv ut
Det var drivarane ved Juvasshytta som klaga reguleringsplanen inn til Fylkesmannen. Klimapark 2469 vil setje opp eit eige bygg i området, og drivarane ved Juvasshytta meiner at bygningen burde vore plassert saman med dei allereie eksisterande husa på staden.
Dei klaga også på at det ikkje har vore noko synfaring på staden, og meinte fleire av dei som har handsama saka ikkje var habile.
Ikkje ugyldig vedtak
Nå har Fylkesmannen i Oppland handsama saka. Dei har kort sagt kome fram til at reguleringsplanen er lovleg, og at det ikkje har vore gjort saksbehandlingsfeil.
Dei peikar på at reguleringsplanen har vore lagt ut til offentleg ettersyn fleire gonger, og meiner at lokaliseringa av bygningen er grundig drøfta.
– Byggeområdet med formål informasjonssenter ligg i eit område prega av inngrep i form av kraftline, veg og eksisterande bygningar, og det er ikkje urørt landskap ein går inn i, heiter det i Fylkesmannen si grunngjeving.
– Må sjå framover
Når det gjeld spørsmålet om inhabilitet så peikar Fylkesmannen på at både dåverande ordførar og varaordførar var med og handsama saka i kommunestyret, medan dei meinte seg inhabile da klaga vart vurdert i formannskapet.
Begge hadde sterke band til klimaparken, men Fylkesmannen meiner likevel ikkje dette gjer handsaminga i kommunestyret ugyldig.
– Eg meiner Fylkesmannen nå har slått fast at dette ikkje har vore ein skjult prosess frå kommunen si side. Nå er det viktig at vi ser framover og gjer det beste ut av eit viktig område, seier administrasjonssjef i Lom, Ola Helstad.
Siste nytt fra Hedmark og Oppland
Torget: Hedmark og Oppland - Din lokale møteplass
Siste poster på Torget
Siste riksnyheter
Partane i Oslo-meklinga tek pause - Vil ikke myke opp egenkapitalen
- Minst åtti drept i Syria fredag
- Brasils president med miljøveto
- Pingvin fanget i Tokyo
- BI-lærer anklages for juks
- Nordmann blir klimatopp
- Svenn Stray er død
- Pavens butler arrestert
- Valgthriller i Egypt
- Massearrestasjoner i Baku
- Tre drept i bombeangrep i Tyrkia
- E18 stengt etter ulykke
- Historisk hendelse i rommet
- To hardt skadd i trafikkulykke
- Ble stående på jernbanesporet
- Varsler kaos i flytrafikken
- Bankia trenger 150 milliarder
- Unio trapper opp streiken
- – Ville forstått våre krav
nrk.no/sport
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
Streik i kommune og stat - Køyrde av vegen og hamna i elva
- Ingen nasjonal feiring av Prøysen
- Boikotter næringslivet i Engerdal
- Dyretragedie i Engerdal
- Folkeavstemning om målform
- Airbag-bande på ferde igjen
- Soppen på Basthjørnet er historie
- Åpner Munch-senter i Løten
- Vil ha Erik Røste som skipresident
- Vil ikkje ha ellevte skuleår
- 900 roande tablettar borte
- Mann skadd i paragliderulykke
- Gutt (9) overkjørt av bil på Gjøvik
- Vil innføre et ekstra skoleår







Guardiola tok farvel med cupgull