– Ta patent på hedmarksdialekten

PATENTVERDIG: Hedmarksdialekten bllir brukt over alt og bør takast patent på, meiner komikar Bård Tufte Johansen, her saman med Thomas Giertsen i NRK-programmet Brille.
Foto: NRKDialektar blir brukt meir og meir medvite i reklamebransjen for å skape stemning og samkjensle. Og nokre dialektar er meir populære enn andre - i alle fall om ein skal tru fjernsynsprogrammet Brille.
Publisert 01.02.2012 07:54. Oppdatert 14.05.2012 17:39.
- Kommentarer
- Skriv ut
Komikar Bård Tufte Johansen går så langt som å seie at hedmarkingane bør ta patent på dialekten sin - for den blir brukt i alle reklamar!
Gustav Nilsen frå Kapp på Toten er stemma i syltetøyreklamen til Nora. Stand up-komikaren og skodespelaren merkar at totning-dialekten er populær:
– Eg får fleire og fleire jobbar. Folk er nok veldig glad i dialektar, spesielt dei som har vore mykje i reklamar dei siste åra.

STOLT AV DIALEKTEN SIN: Skodespelar Gustav Nilsen håper at han er ein god ambassadør for hedmarksdialekten.
Foto: Jan Henrik Mo/NRK– Koseleg dialekt
Nilsen trur at mange tenkjer på Alf Prøysen og Snekker Andersen og andre som blir rekna som veldig koselege når dei høyrer dialekten hans.
– Når eg seier at eg skal heim til Toten til jul, seier alle: «Å, det høyrest koseleg ut!»
Og folk er stolte av dialekten sin, merkar Nilsen:
– Folk som Vazelina Bilopphøggers har vore gode ambassadørar for dialekten, og har nok vore med på å gjere min generasjon stolte av måten dei snakkar på.
Han håpar at han sjølv, ved å snakke breitt, på sikt kan vere med på det same:
– Det er eit lite mål.
– «Feel good»
Eit av reklamebyråa som brukar hedmark- og totning-dialekten medvite, er Try.
Lars Joachim Grimstad er opphavleg frå Gjøvik og tekstforfattar i byrået.
– Ein reklame er relativt kort, difor må ein ofte nytte seg av stereotypane og klisjeane, seier han, og legg til at hedmarksdialekten typisk vert brukt i ein «feel good»-film:
– Det er eit eller anna som er litt ufarleg med totning- eller hedmarksdialekt.
– Oppland er ingenting
I fylket Oppland er det derimot ikkje så mange ting å skryte av, skal ein tru deltakarane i Brille.
På spørsmål frå Harald Eia om kva som er hennar første assosiasjon når ho høyrer Oppland, svarer Pernille Sørensen:
– Ingenting!
– Einsidig bilete

MYKJE Å BY PÅ: Fylkesordførar i Oppland Gro Lundby treng minst ein time for å ramse opp alt fylket har å by på.
Foto: Lars Erik Skrefsrud/NRKFylkesordførar i Oppland Gro Lundby (Ap) svarer på tiltale:
– Vi får jo ta det alvorleg. Men i beste fall så er dette her eit einsidig bilete.
For Oppland har mykje å by på, meiner Lundby som legg til at ho treng minst ein time for å ramse opp alt fylket har å by på:
– Vi har mange merkevarer som står for seg sjølve, som Valdres, Lillehammer og Hadeland. Gjøvik-regionen er ein av dei som er mest innovative i heile landet, seier Lundby.
Oppland er likevel i «oljeskuggen» og har lågt utdanningsnivå.
Lundby meiner dette er ting ein bør ta tak i:
– Det skal vere kult å ta høg utdanning i Oppland, og vi må få fleire høgt utdanna til å busetje seg i fylket.
Siste nytt fra Hedmark og Oppland
Siste riksnyheter
Kerry med ny plan for Vestbredden - Små lønnsforskjeller i Norge
- Bare nordmenn får lage missiler
- Luftfartstreiken i Nord-Norge over
- - Kaster penger ut av vinduet
- Væpnet aksjon i Trondheim sentrum
- Vil gi folkevalgte skattekutt
- Skolebuss eksploderte 17 barn døde
- Flere svenske byer rammet av uro
- Kreftpasient døde av legionella
- Flomskader for nær 170 millioner
- Mann alvorlig skadd i knivstikking
- Død person funnet i Porsgrunn
- Arne Johannessen går av
- - Byråkratiet sinker flomsikring
- Venter fortsatt på flomerstatning
- Store innsjøer fortsetter å stige
- – Opptøyer lite sannsynlig i Oslo
- Politikerne vil stoppe Fredriksen
- E6 gjenåpnet gjennom Gudbrandsdalen
nrk.no/sport
– Det var skremmende - «Norske» Aalborg ble dansk mester
- Lazio slo byrivalen og vant cupen
- Brann biter seg fast i toppen
- Høgmos Djurgården tapte finaledrama
- – Har ingenting å skamme oss over
- Hødd - Mjøndalen 1 - 0
- Sandnes Ulf tar ferie på bunn
- Bodø/Glimt - Kristiansund 2 - 0
- Grindhaug refser vennlige spillere
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
Flaumskadar for nær 170 millionar - Cup i vannfylte Vikingskipet
- Dagen derpå i Kvam
- Kunne hindret flommen i fjor høst
- Store skader i kjellere
- Unntak for hviletid under flommen
- Forsker på barnefamilier og flom
- Forventer Mjøsa kommer inn i puben
- To til sjukehus etter ulykke
- Rekordbeslag av øl i Trysil
- NVE på inspeksjon
- Kaled dømt til 120 dagers fengsel
- Her stiger fortsatt Glomma
- Håpar å opne E6 i løpet av dagen
- Avlinger ødelagt av flommen

– Godt å se at folk bryr seg



