– Filmskolen vil ha master

HUNDRE FOR FEM: Rundt hundre demonstrantar møtte tysdag føremiddag utanfor Stortinget for å krevje femårig filmutdanning ved HiL.
Foto: Arvid Torsgard/NRKFemårig utdanning, med fleire spesialiseringar og eit internasjonalt nivå, kravde studentar frå Den norske filmskolen framfor Stortinget tysdag formiddag.
– Den kjem, seier SV-politikar.
Publisert 31.01.2012 16:37.
- Skriv ut
Rundt hundre studentar, tidlegare studentar og andre støttespelarar samla seg tysdag utanfor Stortinget.
Regissør Erik Poppe var ein av dei som heldt appell.
Hjartesak
Demonstrantane kravde at Den norske filmskolen i Lillehammer, trass i suksessen den på mange måtar har hatt, no bør ta steget opp og bli femårig, slik som ein del samanliknbare utdanningar er.
Dette har vore hjartesaka til den danske sjefen på filmskolen, Thomas Stenderup, men saka er låst sidan Kunnskapsdepartementet viser til at Høgskolen i Lillehammer må setje av pengar til dette, pengar dei ikkje har.

OSCAR-NOMINERT: Tidlegare HiL-student Hallvar Witzø skulle gjerne hatt meir djupne som regissør i form av masterutdanning.
Foto: Inger-Marit Knap Sæby/NRK.no– Meir djupne
Hallvar Witzø er tidlegare elev ved HiL, og er nominert til Oscar for eksamensfilmen Tuba Atlantic, som han laga i 2010.
– Eg synest det er viktig at Noreg får ei filmutdanning på lik linje med andre europeiske land som vi samanliknar oss med, seier Witzø.
– Eg skulle gjerne hatt meir djupne som regissør; i form av utdanning. Det å lære på ein filmskule er noko anna enn å lære ute i bransjen - det er lov å feile. Eg kunne godt tenkt meg å ta ein slik master.
– Tre «pakka år»
– Men du vart jo Oscar-nominert etter tre år?
– Det stemmer. Eg er stolt over den norske filmskolen, over å ha gått der og av det den får til. Men det er tre «pakka år», det er hektisk, og målet kan ikkje vere ein Oscar-nominasjon kvart tiande år, men kunstnarisk og fagleg tyngde til å kunne lage norske spelefilmar. Og då treng ein to ekstra år til å skaffe seg djupne, seier Witzø:
– Dei tre åra ein har no er det jetsett og full fres.
– Ikkje tvil
– På eit eller anna tidspunkt blir det femårig utdanning. Det er det ingen tvil om, seier stortingsrepresentant Aksel Hagen (SV).
– Men skal dette skje, så treng HiL å få tilført ekstra ressursar. No er det min jobb å få på plass ekstra pengar slik at dette kan realiserast, seier Hagen.
Siste nytt fra Hedmark og Oppland
Siste riksnyheter
OL-fakkelen overbragt Storbritannia - Iran truer Google med søksmål
- Kjemper om en plass på undergrunnen
- Raja fordømmar Choudary
- Israel like mislikt som Nord-Korea
- Tynget av resesjon og bankkrise
- Nytt Demokrati og PASOK i flertall
- Faremo reagerer på trusler
- – Norge leker med ilden
- Lønnsnedgang for fransk president
- Tre timer på Slottsbalkongen
- Tre innbrudd i Sandefjord
- Sette seg fast i søppelsjakt
- Kritiserer dronning Elizabeth
- Utsetter Mladic-sak på ubestemt tid
- Kinesisk aktivist er lovet pass
- 17. mai-feiring på Gaustatoppen
- Knivstikking i Bø
- Mopedulykke i Porsgrunn
- Nytt dødsfall i Kennedy-klanen
nrk.no/sport
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
Tror brødaksjonen er slutt i morgen - Fylkesmenn på kollisjonskurs
- – Vanskelig å rekruttere leger
- Bondeaksjon kan føre til brødmangel
- Fylkesmannen vil ha storsykehus
- Prøysen skal fornyes til jubileet
- Bønder er overrasket over støtten
- Ny redningsskøyte på Mjøsa
- Melder seg ut av Sp i protest
- Vil ha Sveen som fylkesrådsleder
- Mange uten radio sør i Hedmark
- – Kan bli tomme butikkhyller
- Bønder skaper traktorkaos
- Kjørte i 153 km/t i 80-sone
- Overlegen seier til Elverum






Villa-eierens fly i Kristiansund