Hopp til innhold

20 meter lang julegåve

Kvart år leverer Lillehammer ei heilt spesiell julegåve til den tyske byen Düsseldorf. I år er presangen over 20 meter lang, og står midt i Lillehammer sentrum.

Juletre Lillehammer

Dette treet endar sine dagar som stolt juletre i den tyske storbyen Düsseldorf.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Juletre

Juletreet får ein liten flygetur, før det blir varsamt plassert på bakken.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Det er eit pent tre, høgt, fint og med kvistar heile vegen.

Slik skildrar eigar Kjell Nordaune grana som står i hagen hans, midt i Lillehammer sentrum. Nå skal den ofrast for å oppretthalde ein god tone med det tyske folk.

– Det har vorte kjempedigert, og står midt i byen, så det er ikkje sikkert at det hadde fått stått så lenge uansett. Naboane er i allefall glade for at det forsvinn, dei får meir sol og utsikt nå.

Får heidersplassen

Det var for 31 år sidan Lillehammer fekk spørsmål om dei ville levere eit juletre til den tyske byen Düsseldorf. Det skulle vere eit symbol på godt samarbeid, og skulle plasserast på rådhusplassen i byen.

– Det sa dei sjølvsagt ja til. Det er landbrukskontoret som har ansvaret for å finne det, og dei har auga med seg heile året for å finne eit fint tre, seier Barbro Fossbakken i Lillehammer kommune.

Har dei ikkje nok tre sjølve i Tyskland?

–Dei har veldig mange tre i Tyskland, og på dei fire andre marknadene i byen finn dei tre sjølve. Men det er det frå Lillehammer som får stå på Rådhusplassen.

Reiser med Kiel-ferja

Treet blir nå sendt i lastebil med Kielferja over til Tyskland og vidare til Düsseldorf. Der skal det vere på plass seinast laurdag klokka 6.

– Det blir ei fin avskjedsreise, og kjem til å stå med flotte ljos og kuler i Tyskland, seier Fossbakken.

Der skal det overleverast av Lillehammer sin nyvalde ordførar med det passande namnet Espen Granberg Johnsen.

– At det endar sine dagar i Tyskland er vel det kjekkaste som kunne skje med det, så får vi heller kjøpe oss annan ved i staden, seier eigar Kjell Nordaune.

Toten transport

Tyskarane reagerer kanskje på at treet kjem med Toten transport...

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Flere saker fra Innlandet