Hopp til innhold

Dømt til seks års fengsel for ran og hasjsmugling

Ein mann frå Otta er dømt til seks års fengsel for medverknad til gisselranet på Otta i 2008 og for smugling av 100 kg hasj.

Hus Otta-ran

To væpna og maskerte menn tok seg inn i eit bustadhus på Otta i juni 2008.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Det var i juni 2008 at to maskerte og væpna personar tok seg inn i bustadhuset til ein bedriftseigar på Otta. Der batt dei fyrst fast mannen sin kjærast og hennar dotter, før bedriftseigaren sjølv kom heim.

Han vart tvinga til å opne safen, og dei to ransmennene fekk med seg ein god del verdisaker.

Nekta straffskuld

Dei to austeuropeiske mennene er ikkje arrestert, men politiet meiner at ein mann frå Otta var med i planlegginga av ranet.

I retten nekta mannen i 40-åra for at han har noko med dette å gjere, sjølv om han hadde hatt kontakt med ransmennene tidlegare den same veka.

Mannen reiste til Thailand etter ranet i 2008, og var der heilt til han vart arrestert i mars 2011.

Retten trudde ikkje på forklaringa til Otta-mannen, og meiner han må straffast for medverknad til ran.

Stort hasjbeslag

Han var også tiltalt for å ha vore med og smugla 168 kilo hasj frå Noreg til Sverige i 2007. Dette forholdet innrømte han i retten, sjølv om han påstod at han ikkje visste kor mykje hasj det var snakk om.

Retten kom fram til at den tidlegare straffedømte ottaværen blir dømt til seks års fengsel for dei to forholda.

Han må også betale erstatning til bedriftseigaren og hans familie, samt over 200.000 kroner til Gjensidige forsikring.

Flere saker fra Innlandet