Hopp til innhold

– Det er stussleg å sjå korleis det har vorte

Oddny (90) og Per (87) Rønningen dreiv garden Vålstua på Åsta i Hedmark i over 50 år. Etter at Anders Behring Breivik laga sine bomber her, føler dei at alt er øydelagd.

Per og Oddny Rønningen

Per og Oddny Rønningen er attende ved garden dei dreiv i over 50 år.

Foto: Frode Meskau / NRK

Oddny og Per Rønningen er attende på garden der dei har lagt ned sitt livsverk. Der det før var ei open grind, er det nå politisperringar som møter dei to.

Før var det eit levande gardsbruk, med folk og dyr, men dei siste åra har garden stort sett vore nytta til kriminell aktivitet. Etter at ekteparet selde garden i 2005 vart den fyrst brukt som hasjplantasje, før den vart leigd ut til Anders Behring Breivik.

Video Drev "terrorgården" i over 50 år

Drev 'terrorgården' i over 50 år

Budde her i tre månader

Massedrapsmannen leigde Vålstua i tre månader før terroraksjonen, og det var her han laga bomba som small i Grubbegata i Oslo 22. juli.

– Låven er sentral i etterforskningen
Fingeravtrykk kan avsløre medhjelpere

I sitt såkalla manifest skildrar han ein rekkje detaljar frå kvardagslivet på garden. Han skriv også korleis han laga bomba som drap åtte menneske i regjeringskvartalet.

– Eg er fødd og oppvaksen her, og har jobba her omtrent sidan eg kom til. Eg tenkjer på alt eg har lagt ned i arbeid her, og så blir det berre øydelagd. Det er stusslege greier, seier Per Rønningen.

Jobba seg opp

Saman med kona Oddny speidar han over grinda for å sjå korleis det ser ut der han la ned livsverket sitt. Dei kjem ikkje lenger, politisperringane gjev klar beskjed om at dei må stoppa.

– Eg har lyst til å krype under gjerdet og lure meg inn for å sjå. Dei kan vel ikkje arrestere meg som er så gammal, seier 90 år gamle Oddny.

Det blir med tanken, men dei to er tydeleg prega over det som har skjedd på Vålstua dei siste åra. Her starta dei med åtte kyr like etter krigen, før dei etter mykje slit hadde utvida besetninga til 25 mjølkekyr. I 2005 var begge over 80 år, og selde garden vidare.

Fleire interessante funn

Da dei høyrde at massedrapsmannen hadde leigd ein gard på Åsta, skjønte dei at det var "deira" gard.

– Når eg fekk sjå alt som hadde skjedd i Oslo og på Utøya så fekk eg frysningar. Eg fraus heile dagen, eg har aldri hatt ei slik kjensle før. Det at han hadde budd her, det grøss i meg når eg er her nå au, seier Oddny Rønningen.

Dei siste dagane har politiet gjort grundige undersøkingar, og skal også ha gjort fleire interessante funn på garden.

Det har også vorte gjort undersøkingar i området rundt setra som høyrer til garden.

Politiet detonerte eksplosiver på Breiviks gård
– Jeg fryktet det verste

Håpar på ein ordentleg drivar

Nå håpar ekteparet at ein skikkeleg, ivrig gardbrukar vil ta over bruket i Åmot kommune.

– Vi håpar at det kjem nokon som kan drive garden ordentleg. Kanskje kan det kome folk som det går an å ha kontakt med, slik at ein kan kome attende dit ein har lagt ned heile livet sitt, seier Per Rønningen stille.

Ekteparet kastar eit siste blikk attende på garden, og gjev kvarandre eit løfte før dei går.

– Når alle sperringane er teke ned, skal vi attende og sjå korleis det eigentleg ser ut her.

Vålstuen gård, Åsta

Vålstuen gard ligg idyllisk til på Åsta i Åmot kommune.

Foto: NRK