Hopp til innhold

Vil bli verdas beste skiløper - med gardbrukar på lua

Petter Northug har fått mykje merksemd omkring si sponsoravtale med Red Bull. 14 år gamle Sjur Slettom frå Lom kan fort bli hans arvtakar som skikonge, og har funne sin personlege sponsor på nabogarden.

Vidar Haagaa og Sjur Slettom

Vidar Haagaa er særs tilfreds med å sponse langrennstalentet Sjur Slettom. Som takk fekk han vinnarbuketten etter Hovedlandsrennet i Trondheim, der Sjur vann 5-kilometeren og vart nummer to på sprinten.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Det er ikkje akkurat den beste økonomien i jordbruket om dagen. Men eg kan anbefale det til andre bønder, for det er godt anvendte kroner.

Det seier den skiinteresserte gardbrukaren og langrennssponsoren Vidar Haagaa frå Lom. Han kjenner godt familien Slettom, og bestemte seg for å gje nokre kroner i støtte til langrennstalentet Sjur, som bur berre eit par dryge steinkast unna.

– Da vart eg bedd på sponsormiddag, og måndagen etter såg eg i avisa at namnet mitt stod på lua til guten, ler Haagaa.

Hemmeleg avtale

Sjur Slettom har fleire somrar jobbe som gardsdreng hjå Haagaa, og tykkjer det er gjævt å gå med namnet til naboen på lua.

– Det er tøft å ha noko anna på lua enn alle andre, og det er mange som har lagt merke til det.

ALT OM PÅ VM PÅ SKI I 2011

Økonomien i avtala er hemmeleg, men Haagaa kan gje eit lite hint om føresetnadene.

– Eg har lagt merke til at Red Bull har lagt seg på omlag same nivå i forhold til Northug.

Skal bli verdas beste

Og han har valt seg eit sponsorobjekt med stort potensiale. Sjur Slettom vinn omtrent alle skirenn som han stiller opp på, og i helga vann han 5-kilometeren under Hovedlandsrennet i Trondheim. Dagen etter vart han nummer to på sprinten, med hovudsponsoren som ivrig tilskodar.

– Etter beinharde forhandlingar har vi kome fram til at bonusar må utbetalast. Han har gjort det så godt dei siste åra at sponsorbeløpet har auka, seier Haagaa.

Og det kan bli fleire bonusutbetalingar i framtida.

– Førebiletet mitt er Petter Northug, og eg har som mål å bli best i verda. Under OL i Sotsji er eg 18 år, så det blir nok litt tidleg. Men under OL i 2018 er eg 22, og da har eg tenkt å vere med.

– Han kan bli så god som han berre vil. Han har talentet og treningsvilja, så det blir spanande å følgje med framover. Når han blir toppløpar blir dei nok ganske små dei kronene eg har å kome med, men han kan nå rekne meg med som bidragsytar i nokre år til, seier hovudsponsor Vidar Haagaa.

Flere saker fra Innlandet