26.05.2012

Millionsatsing mot fattigdom

Fem kommunar i Oppland og Hedmark får 1,5 millionar kroner som skal brukast mot fattigdom blant barn, unge og familiar.

Hovudsakeleg er det barn og unge som er innafor barnevernet som skal få glede av pengane.

Gran kommune er nye på lista og får 100.000 kroner.

- Vi skal få ny kunnskap om korleis vi kan motarbeide fattigdom, seier Astrid Kverneberg i Gran kommune.

Kommunefordeling

KommunePengebeløp 
Eidskog  275.000
Gran  100.000
Grue 200.000
Kongsvinger 375.000
Ringsaker  600.000

Ordningen skal sørgje for at kommunane skal arbeide meir målretta med utsette barn og unge i fattige familiar. Spesielt blir det lagt vekt på samarbeid mellom dei ulike etatane i kommunen.

Pengane skal ende i konkrete tiltak for dei enkelte. Mellom anna er fleire ferie- og fritidsaktivitetar allereie sett i gong.

Statsråd vil ikkje vente

Barne- og likestillingsminister Karita Bakkemellem seier ungane ikkje har tid til å vente på at foreldra kjem i arbeid.

- Uansett korleis vi definerer fattigdom er det viktig å satse på tiltak som rettar seg direkte mot barn og unge i vår fattigdomssatsing, seier Bekkemellem.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste nytt fra Hedmark og Oppland

Se Østnytt-sendingene her.

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland