Hopp til innhold

Psykiater tiltalt for overgrep mot pasient

Ein 44 år gammal psykiater er tiltalt for overgrep mot ein kvinneleg pasient. Mannen erkjente ikkje straffskuld då rettssaka starta i Gjøvik tingrett i dag.

Det er ein tidlegare pasient som melde han til politiet for overgrep. Dette skal ha pågått over ei treårsperiode frå 2005 medan kvinna var inne til behandling.

– Når folk er i ein situasjon der dei treng psykiatrisk hjelp så framstår det som alvorleg at dei da blir utsett for overgrep, seier aktor Linn Hilde Fosso.

Psykiateren sjølv meiner han er uskuldig og at kvinna ikkje snakkar sant.

– Han kjenner seg ikkje att i skuldingane, og meiner at dei har aldri hatt sex, seier forsvarer Thomas Randby.

– Vanskeleg sak

Mannen skal også tidlegare ha vorte etterforska for liknande forhold i sitt opphavelege heimland.

– Dette er ei vanskeleg og belastande sak. Eg reknar med at mange undrar korleis dette kunne skje, seier leiar ved distriktspsykiatrisk senter på Gjøvik, Ragnhild Vangen.

Ho vil ikkje kommentere korleis mannen vart tilsett, men fryktar at dette kan gjere noko med folk sin tillit til hjelpeapparatet.

Meir enn 30 vitne er innkalla til Gjøvik tingrett, og psykiateren er nå suspendert frå stillinga.

Flere saker fra Innlandet