Hopp til innhold

- Velkomen til eventyrlege Valdres!

Kongeparet starta sitt tre dagar lange Valdres-besøk i Etnedal i dag.

– Vi har gledd oss lenge til å besøke Valdres, og vi takkar for moglegheita til å møte dykk og sjå korleis det er å leve her.

Det sa kong Harald da han, saman med dronninga, i dag starta sitt besøk i Valdres i Oppland.

I løpet av tre dagar skal kongeparet besøke alle seks kommunene i regionen.

Hør Kongen takke for velkomsten:

Video Kongen taler i Valdres

Eventyr i fokus

I Etnedal er det "eventyrlege Valdres" som står i fokus, og med skodespel, musikk, kunst og dans viste bygdefolket fram kor eventyrleg regionen kan vere.

– Det var ein konge som heitte Harald som var her for å få seg eit eventyr med eit kvinnfolk. Han heitte Harald Hårfagre altså, det er ikkje han som er her i dag, sa eventyrforteljarane frå scena, til stor latter frå kongeparet.

Vidare vart det "avslørt" at årsaka til at Harald Hårfagre ikkje klypte håret var at han

var så forelska i Gyda frå Valdres at han bestemte seg for å la det vekse til han hadde ho på kroken. Og da han endeleg hadde gjort ho til si, tok han turen innom frisøren på Fagernes og klypte seg, heitte det i eventyret frå scena i Etnedal.

Viktig region

Kongeparet i Valdres

Ein stolt ordførar tek imot kongeparet på kommunesenteret Bruflat i Etnedal.

Foto: Veslemøy Christiansen / NRK

Heile Valdres har stått på hovudet før det store kongebesøket, og i si tale la kongen stor vekt på nettopp kor viktig det er at regionen står saman.

– Valdres er ei god merkevare, og godt samarbeid er ei forutsetning for å få dette til. Det er få andre regionar der folk er så stolte over regionen sin, sa kong Harald.

Han fortalte at han i historietimane på skulen fekk høyre at Valdres var "perlen mellom dalene".

– Og det ser ut som om historieboka har rett, her har vi sett eit flott kulturlandskap som er opparbeidd gjennom mange generasjonar med slit.

Kongebesøk i Valdres

Både store og små gleda seg til at kongen skulle kome på besøk i Valdres.

Foto: Veslemøy Christiansen / NRK

Flere saker fra Innlandet