Hopp til innhold

Sjokkerte katolikkar

Den katolske kyrkjelyden i Hamar reagerer med sorg og sjokk på at den tidlegare katolske biskopen i Trondheim har misbrukt ein mindreårig gut.

Den katolske kyrkja i Hamar

- Dette er eit svik mot kyrkja, dei kristne og ikkje minst mot offeret, seier sokneadministratoren i Hamar.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Det seier sokneadministrator i den katolske kyrkjelyden i Hamar, Ragnar Leer Salvesen. Han var ikkje kjent med saka før Adresseavisa skreiv om den i dag.

– Dette er eit svik mot kyrkja, dei kristne og ikkje minst mot offeret, seier Leer Salvesen.

Les: Norsk biskop kjenner til flere overgrepssaker

Les: Politiet undersøker mulig overgrep

Måtte gå av

Den tidlegare biskopen Georg Müller måtte gå av i fjor sommar. Nå har han erkjent at han i tida si som biskop misbrukte ein mindreårig altargut. Det seksuelle misbruket var den eigentlege årsaka til at han måtte gå.

Katolikkane på Hamar reagerer med vantru på meldinga.

– Vi skulle forvente at slike ting ikkje skjer innafor eit kyrkjesamfunn, seier Leer Salvesen.

Han håper at det likevel kan koma noko positivt ut av det som nå er kjent.

– Det som har skjedd nå, viser at det er vilje til å få slike saker fram i lyset. Det tyder også på at det blant enkelte er ein vilje til å gjera opp for seg og gjera bot, og det er viktig.

Må vera opne

Soknadministrator Ragnar Leer Salvesen i den katolske kyrkjelyden i Hamar

Soknadministrator Ragnar Leer Salvesen i den katolske kyrkjelyden i Hamar

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Vil saka skade den katolske kyrkja i Noreg?

– Ja, eg trur alle saker av dette slaget skader ryktet til kyrkja. Derfor er det veldig viktig at slike overgrep kjem fram i lyset, slik at vi betre kan forhindre at det skjer igjen, seier Leer Salvesen.

Han trur det er vanskeleg å seia kva for reaksjonar som kan koma, men håper at folk tør å snakke om det.

Flere saker fra Innlandet