Hopp til innhold

E6-utbyggjing i gang - til tross for reknetabbe

Dei fyrste spadetaka er teke på milliardutbyggjinga på E6 mellom Øyer og Tretten. Den nye vegen kostar 89 millionar kroner per kilometer.

E6 Øyer-Tretten

Endeleg kan vegarbeidarane få hendene ut av lomma og kome i gang med utbyggjinga av E6 mellom Øyer og Tretten.

Foto: Stein Schinstad / NRK

Ei utviding og betring av vegen oppover Gudbrandsdalen har vore ønska lenge.

I dag starta arbeidet endeleg, men ikkje utan at det har vore kontroversar også det siste året.

Les: 15 dødsulykker på seks år

Hundremillionarssprekk

Prosjektet stod nemleg i fare da det viste seg at Statens Vegvesen hadde rekna skikkeleg feil, og utbyggjinga vart 250 millionar kroner dyrare enn planlagt.

Til slutt måtte samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa ut og love at vegutbyggjinga skulle gjennomførast, koste kva det koste ville.

- Dette er eit prosjekt som er bestemt i Nasjonal transportplan. Det betyr at det er arbeidsfolk som har førebudd seg på at dei skal i gang. Dessutan er det viktig med betre trafikktryggleik her, sa Kleppa.

Les også: Gir vegvesenet stryk

Video E6-utbygging i Øyer

Etter ei ny handsaming i Stortinget fekk den 13,5 kilometer lange vegutbyggjinga ei kostnadsramme på 1,2 milliardar kroner.

Dermed vil den nye vegen koste 89 millionar kroner per kilometer.

– Ein kjempestor dag for Øyer

Mari Botterud

Ordførar Mari Botterud fekk, under kyndig veiledning, ta det fyrste gravemaskintaket på den nye E6 mellom Øyer og Tretten.

Foto: Geir Bernhard Randby / NRK

Det var Øyer-ordførar Mari Botterud (H) som fekk det ærefulle oppdraget å ta det fyrste spadetaket, eller rettare sagt gravemaskintaket, på den planlagte vegen tysdag.

Ho meiner det er svært viktig for kommunen at utbyggjinga endeleg kjem i gang.

- Vi får trygg veg samt at det blir mange arbeidsplassar framover, så dette gler eg meg stort over. Dette er ein kjempestor dag for Øyer kommune, seier Botterud.

Ferdig i 2013

Det er AF Gruppen som skal byggje ut vegen, og i prosjektet ligg det mellom anna at det skal byggjast ein fire kilometer lang tunnel.

Les meir om prosjektet på Statens Vegvesen sine nettsider.

Midtrekkverk, støyskjerming og forbikøyringsfelt skal også bidra til at vegen frå og med 2013 blir tryggare og betre på den ulykkesutsette E6 mellom Øyer og Tretten.

Flere saker fra Innlandet