Hopp til innhold

- Dette er ei ulykke som aldri må bli gløymt

Måndag var det ti år sidan Åsta-ulykka.

I dag er det ti år sidan to tog kolliderte på Åsta i Hedmark og 19 personar mista livet.

Dette vart markert på ulykkesstaden klokka i kveld. Der var både pårørande, representantar frå NSB og Jernbaneverket, samt fleire frå redningsmannskapa til stades. Til saman var det rundt 100 personar som deltok i markeringa.

Leiaren for dei etterlatte si forening, Anstein Gimse, la i si tale vekt på at dette er ei ulykke som aldri må bli gløymt.

Video nsps_upload_2010_1_4_21_6_21_2687.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Pårørande samla seg måndag kveld til minnesmarkering etter Åsta-ulykka.

Open kyrkje

I samband med markeringa har også Åmot kirke på Rena vore open i heile dag.

- Vi ynskjer å vere til stades både før og etter den offisielle biten på Åsta, seier sokneprest Synnøve S. Heggem.

Les også: Nye togulykker kan skje

Les også: Ingen oversikt over Åsta-ofre

Mange prestar til stades

Ho fortel at dei reknar med at mange vil oppsøkje kyrkja utover kvelden.

Synnøve S. Heggem

Sokneprest Synnøve S. Heggem ventar mykje folk i kyrkja i kveld.

Foto: Mette Finborud Børresen / NRK

- Vi har fleire prestar til stades for dei som vil prate om det som skjedde.

Heggem heldt også ei tale under minnemarkeringa i kveld.

- Eg vil prøve å seie noko om kor viktig det er å tåle kvarandre sine historier om liding, krenkingar og død på ein måte at vi ikkje går i stykkjer. I staden må vi prøve å samle kraft til å håpe, gjenopprette og erstatte, seier sokneprest Synnøve S. Heggem.

Sjå video: Ti år sidan Åsta-ulykka

Video nsps_upload_2010_1_4_17_52_14_2648.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Flere saker fra Innlandet