10.02.2012

Vart avvist av fru Obama

Michelle og Barack Obama (Foto: Lise Åserud/Scanpix/AFP)

Det var berre Barack Obama som fekk danse med fru Michelle under gårsdagens Nobel-bankett.

Foto: Lise Åserud/Scanpix/AFP

Men Trygve Slagsvold Vedum fekk danse med kronprinsesse Mette Marit i staden.

Senterpartiet sin parlamentariske leiar Trygve Slagsvold Vedum gjekk høgt ut og sa at han ville danse med Michelle Obama på banketten etter Nobelprisutdelinga.

Og han gjorde eit ærleg forsøk.

Trygve Magnus Slagsvold Vedum (Foto: Mette Finborud Børresen)

Hedmarks-sjarm hjalp ikkje på Michelle Obama. Men Trygve Slagsvold Vedum fekk danse med kronprinsesse Mette-Marit i staden.

Foto: Mette Finborud Børresen

– Eg måtte jo by ho opp, dette var einaste gongen i livet eg hadde sjansa til det. Så eg spurde om eg fekk ein dans, men ho avslo høfleg. Ho skulle ta kvelden og dei måtte gå.

Og ettersom paret faktisk reiste like etterpå, og Michelle Obama slett ikkje dansa rundt med alle på banketten, tykte Slagsvold Vedum at det var heilt greit.

– Det var faktisk berre Barack som fekk dansa med Michelle Obama, seier Slagsvold Vedum.

Les: Alt om Nobels fredspris

Dansa med Mette-Marit

Men Slagsvold Vedum fekk eit realt plaster på såret, for kronprinsesse Mette-Marit var ikkje like grådig på dansestega som USAs fyrstedame.

– Ho hadde god rytme og var god til å danse. Det var egentleg som å danse med alle andre, det er berre å ha det moro.

- Kva dans dansa de?

– Det var vel ein slags Romedalsswing, eller gladswing, utan særleg system. Men så lenge ein har takt og rytme så går det bra, seier Stortingets danseløve.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste nytt fra Hedmark og Oppland

Se Østnytt-sendingene her.

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland