10.02.2012

Slutta på skulen som 12-åring

Ole Gudbrandsen (Foto: Arne Sørenes/NRK)

Ole Gudbrandsen slutta på skulen som 12-åring. Nå startar han eige firma, og vil lease ut akvarier.

Foto: Arne Sørenes/NRK

Nå har Ole starta eiga bedrift.

23 år gamle Ole Gudbrandsen er ein av dei mange tusen som har droppa ut av norske skular dei siste åra.

Han hadde sin siste skuledag som 12-åring.

- Skulen mangla alt, dei skjønte ingen ting. Eg berre gav opp, det var ikkje så mykje anna å gjere.

Han fekk heimeundervisning slik at han kom seg gjennom ungdomsskulen, etter det har han ikkje opna ei skulebok.

Kunne seks bokstavar

Etter kvart kom det fram at Ole hadde ein av dei tyngste versjonane av dysleksi.

- Da eg gjekk ut av fjerdeklasse kunne eg bokstavane A, B og C, samt at eg klarte å skrive namnet mitt. Det var heilt forferdeleg. Eg prøver å tenke minst mogleg på den tida.

Han føler at skulen han gjekk på ikkje forstod hans problem og behov, og at det var årsaka til at han berre gav opp.

- Når det er noko som du mestrar så får du attende trua på deg sjølv. Eg opplevde aldri det.

500 slutta i fjor

Ole er ikkje den einaste ungdommen som kuttar ut skulen. I fjor slutta 500 skuleelevar ved dei vidaregåande skulane berre i Hedmark og Oppland. På landsbasis blir det rekna med at mellom 13 og 15 prosent sluttar på den vidaregåande skulen før dei er fedige.

Vegard Johansen ved Østlandsforskning har forska på dette fenomenet, og seier at det er nokre grupper med elevar som har lettare for å droppe ut enn andre.

- Det er gjerne gutar som har lågt utdanna foreldre. Dei som går på yrkesfag er også overrepresenterte. Vi ser også at dei som hadde mykje fråver og dårleg karaktersnitt på ungdomsskulen har lettare for å slutte.

Les også: Bekjemper drop-out

Starta bedrift

Slike historier endar ofte med arbeidsløyse, men Ole har heile tida hatt trua på seg sjølv, og at han skulle klare seg på eigenhand.

Han starta si fyrste bedrift som 15-16-åring. Da tok han på seg ymse strøjobbar som han kunne få i nærområdet. Nå har han tenkt å slå seg opp innan fisk og akvarier.

- Det var ein som gav meg eit godt tilbod på innkjøp innan akvarier og akvarieutstyr. Nå skal eg få inn fisk, markedsføre meg, og forhåpentlegvis få mange kunder.

Han vil lease ut akvarier med fisk til til dømes hotell, barnehagar, sjukehus og tannlegar.

- Kundane kan berre sjå på fiskane og vere tilfredse, så ordnar eg resten, seier Ole Gudbrandsen.

Jobbar på ungdomsskulen

Samtidig har han endeleg også kome seg attende til skulen, og jobbar nå som assistent ved Løten ungdomsskole.

- Eg hadde aldri trudd at eg skulle jobbe på ein skule.

- Kan du bruke dine erfaringar til å hjelpe andre?

- Det er klart at eg kan bruke mykje av det eg har opplevd sjølv. Så dersom eg kan hjelpe andre som treng det, så gjer eg gjerne det, seier Ole Gudbrandsen.

Meir om ungdommar som sluttar på skulen kan du sjå på Østnytt på NRK1 klokka 18.40 i kveld.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste nytt fra Hedmark og Oppland

Se Østnytt-sendingene her.

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland