Hopp til innhold

Håpar på nye eigarar

Ostehøvel-løysing kan vere klar neste veke.

Thor Bjørklund

Ostehøvelens oppfinnar Thor Bjørklund starta fabrikken på Lillehammer.

Foto: NRK

Den tradisjonsrike ostehøvelfabrikken Thor Bjørklund & Sønner AS på Lillehammer gjekk konkurs tidlegare i haust.

Les: Slutt for ostehøvelen

I dag starta behandlinga av konkursen i skifteretten, og da kom det fram at det kan gå mot ei snarleg løysing.

- Vi forhandlar med seks seriøse interessentar, det er tre utanlandske og tre norske, seier bustyrar Svein Olav Bøen.

Hardanger Bestikk interesserte

Han vil ikkje kommentere kven dei seks interessentane er, men etter det NRK kjenner til skal Skandinavias største produsent av bestikk i rustfritt stål, Hardanger Bestikk, vere interessert.

Bøen fortel at dei allereie har fått inn eit bud, men at dette var så lågt at det vart avslått.

- Vi håpar å få inn nye bud i løpet av neste veke.

Voldsom respons

Bøen fortel at mange har reagert sterkt på at den tradisjonsrike ostehøvelprodusenten gjekk konkurs, og det har også vorte merka på salet.

- Det er mange kunder som er bekymra for at dette produktet nå skal forsvinne. Så det har vore eit stort oppsving i salet, seier Bøen.

Han seier at buet kan fortsetje å drive Bjørklund fram til jul, og at nye eigarar bør vere på plass innan den tid.

- Dersom ikkje blir innmaten i bedrifta solgt til høgstbydande, seier bustyrar Svein Olav Bøen.

Video nsps_upload_2009_9_29_19_34_16_2808.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Flere saker fra Innlandet