Hopp til innhold

- Glad Kine lever

Det seier foreldra til Kine Skogli (21) frå Alvdal som var på Samoa da kjempebølgja kom.

Vidar Skogli og Grethe Øvreli.

Vidar Skogli og Grethe Øvreli.

Foto: Arne Trolldalen / NRK

Kine Skogli er ei av dei som har fått oppleve den voldsomme tsunamien som nå har råka Stillehavet. Ho var ute på ein busstur inne i landet da bølgja kom. Dermed slapp ho unna tsunamien, men kom attende til ein rasert landsby.

- Ho held til i Lalomanu, og der var det reine krigstilstandene da ho kom attende. Huset ho budde i var jamna med jorda, og ikkje noko var att, seier faren, Vidar Skogli og mora, Grethe Øvreli.

Les: 10.000 kan være berørt

Var på besøk

Dottera kom til Samoa i slutten av august, og hadde planlagt eit to månaders opphald for å besøkje ein ven.

- Fleire av familiemedlemmane til venen hennar er nå sakna, og kanskje døde, seier Vidar Skogli.

Samoa ble hardt rammet av tsunamien

Samoa ble hardt rammet av tsunamien.

Foto: STR / REUTERS

Kine Skogli hadde sjølv med seg bankkort og pc-en da bølgja råka landsbyen, resten av det ho hadde med seg er nå borte.

- Ho har mista alt. Ho er nå utan både pass, flybillettar og klede. Samtidig er mobilladaren hennar borte, slik at det blir stadig vanskelegare å få tak i ho, seier far Skogli.

Ambassaden i Australia er nå kopla inn i saka for å hjelpe til med å skaffe det ho treng i etterkant av naturkatastrofa.

Sjå amatørvideo frå tsunamien.

- Var heldig

Vidar Skogli legg ikkje skjul på at dottera var heldig som var ute på ein busstur inne i landet da bølgja kom inn over Stillehavsøya.

- På ein vanleg dag hadde ho kanskje sove når bølgja kom, og ho tenkjer sjølvsagt på kva som kunne ha skjedd.

Han seier at Kine ringte familien umiddelbart etter at ho fekk melding om tsunamien, slik at dei heile tida har hatt kontroll over situasjonen hennar.

- Det gjorde oss jo ganske trygge. Men samtidig er det så langt borte, og det gjer noko med ein når ein får slike meldinger, seier Vidar Skogli.

Flere saker fra Innlandet