Hopp til innhold

Råkjørar øydela 11 fotballbaner

- Dette er eit sorgens kapittel, seier ein fortvila idrettslagsleiar.

Ødelagt fotballbane

Djupe hjulspor pregar Rena Idrettslag sin 11 fotballbaner. Anlegget er heilt nytt og vart teke i bruk tidlegare i år.

Foto: Hans Petter Wahl Adolfsen

Rena Idrettslag sitt vanlegvis så flotte anlegg på Engevoll er eit trist syn i dag.

Ein bil har råkjørt på alle banene, og gjort stor skade.

- Det er djupe spor og graset er øydelagt. Det er nesten umogleg å forklare kor gale dette er, seier leiar i idrettslaget, Hans Petter Wahl Adolfsen.

20-åring har tilstått

Hans Petter Wahl Adolfsen og Heidi Hildrum

Hans Petter Wahl Adolfsen og Heidi Hildrum ser på skadene på dei 11 banene.

Foto: Kurt Sivertsen / NRK

Det er i alt 11 små fotballbaner på anlegget på Engevoll, og bilpøblane har kjørt over alle saman. Det vil ta lang tid å bøte på skadene, og banene vil truleg ikkje vere skikkeleg i orden att før neste år.

- Vi har brukt time på time for å få til dette anlegget, og da er det utruleg bittert når noko slik skjer, seier Wahl Adolfsen.

Video nsps_upload_2009_9_1_19_29_10_471.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Politiet vart tidleg kopla inn i saka, og var tysdag morgon på idrettsanlegget for å sikre seg spor etter hærverket. Idrettslaget ba folk å melde frå dersom dei visste noko om saka

Og etterlysinga gav resultat. Idrettslaget fekk tips om ein parkert bil med mykje gras på, og ein 20 år gammal mann har nå tilstått at han står bak.

Han er nå sikta for skadeverk og kjøring utan førarkort.

Ødelagt bane Rena

Slik såg det ut på idrettsanlegget i dag tidleg.

Foto: Kurt Sivertsen / NRK

Flere saker fra Innlandet