Hopp til innhold

Drapsjakt i Kongsvinger

Jakta etter ein gjerningsperson fortsetter i Kongsvinger i dag etter at ein 18 år gammel mann ble funne drepen med omfattande kuttskadar natt til søndag.

Lars Erik Flem Andersen ble funnet drept på Langeland i Kongsvinger
Foto: Harald Christian Eiken / NRK

Pressekonferanse mulig drap i Kongsvinger

Fra pressekonferansen: Asbjørn Hansen, Kripos, Ingar Høye, etterforskningsleder, Iren Johnsen Dahl, politiadvokat.

Foto: Harald Christian Eiken / NRK

Den døde mannen som natt til søndag vart funnen død i eit bustadområde ved Langeland, har tilknyting til Kongsvingerområdet. Politiet er nokså sikre på at dei veit kven han er, men vil ikkje gå ut med namn før identiseringa er klar. Mannen skal ikkje ha hatt identifikasjonspapirer på seg.

Politiet har førebels ingen mistenkte i saka.

Ytre vald

Mannen er påført ytre skadar. Fleiere medier melder at han hadde store kuttskadar. Saman med spor på åstaden var det grunnen til at politiet fekk mistanke om at det dreier seg om eit drap. Kripos er kopla inn i saka, for å hjelpe til både med den tekniske og taktiske etterforskinga.

Det var forbipasserande som fann den unge mannen død utanfor inngangen til Iduns veg 2. Politiet fekk melding om dødsfallet klokka halv to om natta.

Rundspørjing

Politiet leita med hundar etter spor i området rundt blokka. Det ble også gjennomført ei rundspørjing blant folk som bur i området. Formålet er å finne ut kven den døde er, og kartleggje kva han har gjort, og kven han har vore saman med før det skjedde.

Ingen mistenkte

Politiet har ingen mistenkte i saka. Dei vil ikkje seia noko om drapsvåpenet, eller om dei har funne det. Dei vil heller ikkje seia noko om kva slags vald mannen har vore utsett for, men opplyser at han ikkje er skoten.

Dødsårsaka blir ikkje endeleg stadfesta før obduksjonsrapporten er klar.

Flere saker fra Innlandet