26.05.2012

Trur på VM-runde i rally

Henning Solberg i Rally Norway 2006 (Foto: Håkon Mosvold Larsen/Scanpix)

Norges Bilsportforbund trur Oppland og Hedmark har ein god moglegheit til å få Rally-VM frå neste år.

Konkurransen er hard mellom dei ulike kandidatane. Mange har lagt ned mykje arbeid for å framstå som den beste staden å arrangere rallyløp på.

Det internasjonale bilsportforbundet FIA skal onsdag vedta kven som skal få vere med.

- Satsar på det sportslege

- Det er mykje politikk og mykje økonomi. Vi må berre innsjå at vi ikkje er nokon stormakt innan bilsportpolitikk og vi er absolutt ikkje store på økonomi. Difor må vi berre satse på at dei fyrst ser på det sportslege, seier Erling Hagen i Norges Bilsportforbund.

Rally Norway (Foto: Håkon Mosvold Larsen/Scanpix)

Bo Swaner, president i VM-arrangørnes foreining, seier konkurransen er hard om dei seks plassane som no skal arrangere rally-VM.

- Vi skal kjøre i alle verdsdelar og Europa er allereie godt representert. Men eg trur det er sportslege utfordringer som blir hovudsaka for dei som skal ta avgjerda, seier Swaner.

Han seier at både Sverige og Norge får ein rally-runde på vinterføre.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste nytt fra Hedmark og Oppland

Se Østnytt-sendingene her.

Siste riksnyheter

nrk.no/sport

Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland