Hopp til innhold

Slått ned i sin eigen heim

Ein mann er lagt inn på sjukehus etter at han vart forsøkt rana i sin eigen heim natt til 17. mai.

Det var rundt midnatt at to menn av utanlandsk opprinning kom på døra til ein 60-årig mann i Ryfoss i Vang i Oppland.

Dei to var tydeleg ute etter pengar, og slo ned huseigaren. Dei to ransmennene tok seg deretter inn i huset, men reiste etterkvart frå staden utan å ha fått med seg noko.

- Mannen vart kraftig forslått, og vi tok han med til legevakt etter hendinga, seier operasjonsleiar Elin Lien i Vestoppland politidistrikt.

Deretter blei mannen lagt inn til observasjon på sjukehus.

- Gjekk svært fort

Han har forklart politiet at dei to mennene banka på døra hans, og angreip med ein gong han opna.

- Dei sparka han over kneet, og gav han meir juling undervegs. Han hugsar ikkje så mykje av det som skjedde, seier ho.

Mannen tok kontakt med eit familiemedlem i dag tidleg, og vart etterkvart frakta til legevakta for behandling.

- Han har vondt i eit kne og skader i ansiktet, men vi veit ikkje kor omfattande skadene er. Han blir behandla i ettermiddag, seier operasjonsleiar Elin Lien.

Få spor

Politiet fekk ikkje melding om hendinga før rundt klokka 12 i dag, eit halvt døgn etter at angrepet fann stad.

- Vi veit ikkje kvifor det gjekk så lang tid før vi fekk melding om dette. Men vi ser uansett svært alvorleg på saka, og har gjennomført ei åstadsundersøking i dag, seier Lien.

Ho seier at det einaste dei har å gå ut frå er den angripne si skildring av dei to mennene.

- Dei er rundt 25-30 år, og mykje tydar på at dei er frå Aust-Europa. Dei forsvann frå staden i ein mørk golf-liknande bil.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere saker fra Innlandet