- Forstår ikkje dagens diktarar

Ove Røsbak forstår ikkje dagens diktarar. (Dette biletet er teke i ein annan samanheng...)
Foto: Hallgrim Rogn/NRKOve Røsbak meiner dagens diktarar diktar for å tilfredsstille kvarandre.
Publisert 27.02.2009 12:29.
- Kommentarer
- Skriv ut
Forfattaren Ove Røsbak har sett seg lei på at det stort sett er uforståelege og smale dikt som blir gjeve ut i Noreg.
Han saknar folkelege dikt og meir breidde i lyrikken.
- Norsk litteratur minner meg av og til om ein ghetto. Mange lyrikkarar og akademikarar er tett knytt til kvarandre, og dei manglar møkk på hendene, seier Røsbak til Nationen.
Vil attende til 70-talet
Røsbak meiner det viktigaste for eit dikt er at det skal gå direkte til hjartet til lesaren.
- Ofte får eg kjensla av at enkelte diktarar eksperimenterer seg fast og kommuniserer meir med intellektet enn med hjartet.
- Er du ikkje redd for å høyres ut som ein klagande poet som er misunneleg på sine diktarkollegaer?
- Nei, eg har fått mykje stadfesting, spesielt når eg reiser rundt omkring og les opp. Eg ynskjer berre litt meir breidde i lyrikken og at også vi som blir rekna som folkelege diktarar kan bli vurdert like seriøst som dei smale, svarar han avisa.
Røsbak tykkjer diktinga var breiare og meir politisk ladd før, som til dømes på 1960 og 70-talet.
- Eg ser gjerne at det blir meir lyrikk som er politisk engasjert.
Kjenner seg ikkje att
Ove Røsbak namngjev ein rekkje diktarar som skriv dikt som han ikkje forstår, som til dømes Øyvind Berg, Ole Robert Sunde, Torild Wardenær og Cornelius Jakhelln.
Ingen av desse kjenner seg att i kritikken.
- Dei dikta som blir rekna som smale tek ikkje stor plass. Derfor tykkjer eg det er sjølvmotsigande å seie at det er vanskeleg for meir folkelege dikt å markere seg, seier forfattar og skodespelar Øyvind Berg.
Han meiner ikkje at dagens dikt er uforståelege.
- Det er meir presist å seie at enkelte dikt ikkje er vellukka.
SE NETT-TV HER:
Siste nytt fra Hedmark og Oppland
Siste nyheter
NRKsport.no
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
To skoler kan bli lagt ned - - Lite å tjene på skolenedlegging
- Dobbelt-seier i ishockey
- Fotballproffe amatører
- Gammel-ordføreren sang i protest
- Ostehøvelfabrikken solgt
- Revansj i retten
- E6 ryddet
- Kongsvinger mørklagt
- Slutter med biodiesel
- Randsfjordferga i gang igjen
- Flere av dyrene blir avlivet
- Er dette landets frekkeste ekorn?
- Vil redde skolen med vafler
- Vogntog i grøfta
- Damenes Aften tok gull
- – Reven blødde og skalv
- Stjal gull og diamanter
- Fall hindret fullt hus
- Kjørte seg opp ni plasser
- Ikke pallen i dag heller
- Overstadig beruset bilist på E6
- Endeleg løsna det for Gaustad
- Sjuåring påkjørt på Tynset
- Frontkollisjon på glatta
- Pallen glapp for Johaug
- Dobbelt Berger på Beitostølen
- Dårligst hyttesalg i Trysil
- Ber om seks år for voldtekt
- Bilist svevde 36 meter av vegen


Satser på flyplasser
USA kjenner pusten i nakken
Bjørgen øker ledelsen