Hopp til innhold

- Det er ille når systemet gjev opp

Senterpartipolitikar ber Bjarne Håkon Hansen gripe inn i ME-behandlinga.

Mette Høvern
Foto: Nyhetsspiller / NRK

Den siste veka har NRK Hedmark og Oppland sett fokus ME-råka, og kva behandling dei får i det norske helsevesenet.

Ei som har stått fram med si historie er 29 år gamle Mette Høvern frå Lillehammer.

Ho har vore heilt utslått av sjukdommen i tre og eit halvt år. Ho ligg heime i senga på eit mørkt rom, medan foreldra tek seg av ho etter beste evne.

- Det er rett og slett utruleg vondt å sjå på, seier nestleiar i Helse og omsorgskomiteen på Stortinget, Trygve Magnus Slagsvold Vedum frå Senterpartiet.

Les også: Nedringt etter TV-innslag

- Gjer ikkje nok

Han reagerte sterkt da han såg innslaget om Mette og hennar situasjon på Laurdagsrevyen.

Hennar foreldre måtte sjølve ta ansvaret for deira sjuke dotter, og mora er heimeverande og faren er i redusert jobb. Ingen i Noreg har klart å finne ut kva som feilar Mette, men omfattande blodprøver i Belgia tyder på at ho er råka av ein virusinfeksjon.

Nå har foreldra teke opp lån for å klare å betale 19.000 kroner kvar månad for ein antivirusmedisin som Mette skal bruke eit halvt år. Håpet er at denne kan hjelpe ho ut av senga og attende til livet.

- Eg sit att med eit inntrykk av at vi ikkje gjer nok, seier Trygve Magnus Slagsvold Vedum.

Ber statsråden gripe inn

Nå vil han ta opp saka med helseminister Bjarne Håkon Hansen under eit møte i dag.

Sps Stortingsrepresentant Trygve Magnus Slagsvold Vedum

Trygve Magnus Slagsvold Vedum vil be statsråd Bjarne Håkon Hansen sjå nærare på

Foto: Knut Falch / Scanpix

- Eg vil diskutere kva som blir gjort i forhold til desse pasientane. Dersom det er slik at alternative behandlinger fungerer, er det da fordommar som gjer at dei ikkje er teke inn i det offentlege apparatet? I såfall må vi snu oss rundt, seier Slagsvold Vedum.

- Kan det vere aktuelt for det offentlege å betale for ei slik behandling som Mette Høvern får?

- Det er ingen ting i vegen for det. Dersom vi klarar å få ho ut av den situasjonen som ho er i, så er det ein fantastisk bruk av offentlege midlar. Ein må gjere alt ein kan for å hjelpe folk.

Sjå innslag om Mette Høvern og hennar familie.

Mette Høvern
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Flere saker fra Innlandet